Flugefiskekurs i pinsehelga

Share

Av og til får ein ikkje med seg alt, og i kveld fekk eg ikkje med meg at det kom ein epost til Valle radio før etter at sendinga var slutt:

Det vert flugefiskekurs laurdag 26. mai kl 12-ca. 20 og sundag 27. mai ca. kl 10-15 på fotballbanen ved Valle skule.

Og laurdag 2. juni vert det kurs i praktisk fiske i Otra.

Ronny Stavsholt som samarbeidar mykje med Stein Grønberg, Grønberg sport i Kristiansand, er instruktør. Kurset er gratis for alle.

I fjor sendte VAFA tre personar, Knut Olav Tveiten, Henrik Assmann og Tom Arild Homme, på tilsvarande kurs på Odderøya i Kristiansand. Då avtalte vi med Stein Grønberg eit oppfylgingskurs i Valle i år. No kunne Grønberg ikkje stille opp på grunn av husbygging, men vi er kjempefornøgde med å få Ronny som instruktør istaden. Velkomne. Helsing VAFA.

Ørekyte og eustrongylides sp

Share

På eit kart som er teke med i VAFA Rapport 2-2005, sjå http://www.vafa.no/ nede til venstre på sida, syner Tom Arild Homme utbreiing av ørekyte i Øvre Setesdal. På grensa mellom Vinje og Bykle ligg Sævatn, og så går det nedover: Breidvatn, Mjåvatn, Lislevatn, Store Førsvatn, Breivevatn, Hartevatn, Hartevasstjønni, Bossvatn, Floslivatnet, Bykil, Trydalstjønni, Harstadbassenget og Flåne. Alle desse vatna er bunde saman av Otra.

Tom Arild fortel vidare i rapporten:

I samband med tømming av ørekyteruser i 2003 vart det observert eit individ av rundormen Eustrongylides kravlande i ei bøtte med ørekyte. Med bakgrunn i denne oppdagiga vart fleire av ørekytene undersøkt for parasittar. Det vart då funne 3 ørekyter som var infisert med Eustrongylides sp. Dette er ein rundorm som er ein særs vanleg parasitt i aure i Otra. Det er derimot ikkje kjent at den er ein del av parasittfaunaen til ørekyte.

Enkle registreringar i samband med rusefisket på Sandnes i Valle har vist at ca 5% av ørekytene er infiserte med Eustrongylides. At ørekyte kan vere vert for denne parasitten vil i teorien ha svært negative effektar for parasittsituasjonen i aurebestanden. Eustrongylides har fiskeetande fugl som hovudvert (for eksempel laksand). Parasitten er heilt avhengig av å komme i fugl for å verte kjønnsmoden og legge egg. Når mange ørekyter er infiserte i tillegg til aure, vil fleire fiskeetande fuglar få i seg parasittinfisert fisk. Dermed vil fleire parasittar bli kjønnsmodne og legge egg. Dette føre vidare til at fleire fåbørstemarkar, som er parasitten sin første mellomvert, blir infiserte. Sjansen for at fisket et ein fåbørstemark som er infisert av parasitten, vert følgeleg høgare.

Eustrongylides er eit stort problem i nokre av terskelbassenga i Otra. Ved prøvefiske ved Sandnes i Valle i 2002 vart det observert eustrongylides innkapsla i muskulaturen på 27 av 83 aure (32,5%). Slike observasjonar vart og gjort etter prøvefiske i Floslivatnet i 2002 og i Trydalstjønna i 2004.

Funn av eustrongylides i ørekyte kan kanskje forklare dette fenomenet. Teorien er at aure som et infisert ørekyte lett kan få parasitten i kjøtet. Parasitten vil krype ut av den døde ørekyten og bore seg gjennom magesekken og vidare inn i kjøtet til auren. Der vil den stoppe opp når den merker at tilhøva er levelege, sluttar Tom Arild.

Om denne teorien stemmer, veit eg ikkje. Eg veit heller ikkje om det er gjort fleire undersøkingar og registreringar av eustrongylides sp i ørekyte. Men det er viktig å finne ut av dette med sikte på å få ein god og sunn bestand av aure i vatna i Øvre Setesdal.

Suleskarvegen

Share

Så er Suleskarvegen open att.
http://no.wikipedia.org/wiki/Suleskarveien
Den vinterstengde delen av Riksvei 45 opna i går, 21. mai klokka 12.00. Saluttkanonane burde vore lada, for med det er sommartida komen her i Setesdal. Eg tenkte på det då eg køyrde oppover frå Mandal sundagskvelden, det var ljost til klokka 22, at no var det bare opninga av vegen som stod att, så kunne sommaren kome.

Min kollega Øystein Berg fortalde i dag at han i går hadde vore innover på sykkel frå Sitåsan til Kvislevasskaret. Han skjøner at det er sykkelulukker etter vegane, for når store campingbilar kom, var det ein kraftig sug etter dei. Nokre køyrer ganske fort, sjølv om dei møter ein syklist, det verkar som om det er om å gjere å kome raskt forbi.

Når vegen opnar, opnar også folk lommebøkene og reiser til IKEA og Kvadrat. Å kome på eit stor kjøpesenter, er ei gåve for mange, anten dei skal handle mykje eller bare sjå på utvalet. http://no.wikipedia.org/wiki/IKEA Neste år har IKEA 20-årsjubileum i Sandnes.

Suleskarvegen har vore ein kjepphest for meg dei åra eg har budd her, i alle fall er det mange som meiner det. Det er nok også rett, eg stilte gjerne spørsmål om vegen den tida eg var i kommunestyret. No ser det ut til at tida arbeider for vegen, vi treng ein veg til avlastning av Sørlandske hovudveg. Mange meiner at trafikken vil verte svært høg i år, ettersom det er trafikkaos i Vestfold, der tunnelane vart stengde. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hanekleivtunnelen , der er det til og med bilete av steinmengdene som fall ned.

Det var lensmannen i Sirdal som gjekk ut i media med saka om at trafikken kunne auke over Suleskarvegen i sommar. Han hadde i friskt minne ulukka i fjor der ein trailersjåfør omkom på vegen og meinte at ein bør gjere noko slik at ikkje nye ulukker kjem i år.

I påskesendingane våre var Saavi Nomeland og Tåle Nomeland ute og fortalde om tankane sine om å lage tunnel under høgfjellet, slik at vegen kan verte heilårsveg. Det hadde mange vore glade for, ikkje minst folka i Stavanger som har skaffa seg hytte på Hovden og i Brokke. Ei så omfattande avkorting av vegen hadde vore kjærkomen for dei som no må ta turen om Evje.

Eg pleier å ta ein tur over fjellet på føresommaren. Men denne veka er det program i Valle radio to kveldar, og så nærmar pinse seg med lange steg, så det vert nok ikkje før etter høgtida eg får høve til ein slik tur. http://no.wikipedia.org/wiki/Pinse