De fire årstider og litt til

Share

2. pinsedag skreiv eg om Torvald Moseid-dagen på Setesdalsmuseet. Sjå http://valleradio.blogs.no/2007/05/28/torvald_moseid~2350884

Når eg skriv om han no att, skjønar du at det har gjort inntrykk på meg, det eg fekk sjå der. 2. pinsedag skreiv eg om han på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Torvald_Moseid

**Dei fire årstider**
I dag skreiv eg om teppet De fire årstider på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/De_fire_Årstider_(frise). Etter kvart som eg har lese om det, har eg oppdaga at vi neppe veit kva for ein skatt vi har utstilt på Setesdalsmuseet i sommar.

Eg skreiv eit brev til Leonhard Jansen og gav nokre tips til korleis dei kan framheve utstillinga på heimesida til museet. Det vert spanande å sjå om nokre av dei vert tekne til fylgje.

**Litt til**
I dag var det kommunestyremøte. Det varte ganske lenge til å vere i Valle, så mange folk hasta heimover utan å stoppe for å smake på Jorunn Lund Harstad sine takkekaker, syltetøy og kaffe etter møtet. Men nokre av oss som var der, fekk ein hyggeleg prat saman.

Etterpå, då eg skulle gå, kom eg i prat med Steinar Kyrvestad og kona. Vi prata mellom anna litt om bloggen og kor viktig det er å oppdatere den jamnleg, helst skulle den bli oppdatert kvar dag. Steinar si heimeside er dessverre ikkje oppdatert så ofte, sa eg til han, eg var innom den nyleg og såg at det var omtrent det same på den no som då eg i fjor sommar skreiv artikkelen om ordføraren i Valle på wikipedia og la inn lenke til heimesida hans der. http://no.wikipedia.org/wiki/Steinar_Kyrvestad

Så gjekk eg ned i radiohuset for å skrive på bloggen. Etter at eg hadde skrive om De fire årstider, kom Helge Dahle inn ein tur og vi blei sitjande å prate. Då fortalde eg at til no i dag hadde det vore inne 74 personar på bloggen. Dei har sett på 180 sider, eg er godt nøgd med desse tala, og eg trur han helst vart litt overraska over så høge tal, han og.