Konstituering

Share

Så har styret konstituert seg. Noverande styre er

Leiar: Harald Haugland (vald på årsmøtet)
Nestleiar: Ørnulf Hasla
Sekretær: Inga Flateland
Kasserar: Helge Homme
Teknisk sjef: Jørund Georg Jore

På styremøtet i kveld var varamann Leif Kvinlog med i staden for Ørnulf Hasla, som er bortreist. Helge Dahle var og innkalla til møtet, mellom anna fordi vi ville evaluere påskesendingane, som han hadde ansvaret for.

Dei som kjenner medlemmene i styret vil vite at det er ei talefør gruppe. Difor hadde eg sagt at vi skulle stoppe klokka 21. No vart det litt lenger, men vi hadde ein fruktbar samtale om mange saker som gjeld radioen. Ettersom vi ikkje vart ferdige, legg vi opp til eit nytt møte torsdag om 14 dager, torsdag 13. juni.

Når det gjeld saka om påskesendingane, vedtok styret:
**Styret i Valle Radio takkar alle gode hjelparar for innsatsen i samband med påskesendinga 2007.**

I samtalen kom det fram at det ville vere naudsynleg å starte tidlegare med å planleggje sendingane enn vi gjorde i år. Men etter kvart gjekk det seg til med opplegget, så sett under eitt, var dei som var med på sendingane godt nøgde med opplegget.

Eg vil kome tilbake til andre saker som var oppe på styremøtet seinare.

Holskrone

Share

Onsdag 23. mai var Olav M. Holen og Bjørgulv T. Berg gjester i studio hos Harald Haugland frå klokka 20 til klokka 21. Det vart ein interessant time, for Olav fortalde om eit opplegg han arbeider med for å få til retreat i Holskrone til sommaren.

Holskrone ligg i Støyledalen i Bykle. 750 moh. Ein tek av frå Riksveg 9 like ovanfor Byklebrua, i svingen der dei no har fått ny veg. Ved Bossvassmagasinet køyrer ein anleggsvegen innover Støyledalen ca. 6 km. Frå bilvegen er det 10-15 minutt å gå til Holskrone. Då Olav Holen sin gard vart sett under vatn i 1976, flytta han dei gamle stovehusa til Holskrone, som ligg ein halv kilometer frå støylen Råsi. Støyledalen høyrer til Holen og Tveiten, og med anlegget kom det ein veg som no går heilt inn til Urevatn, nær grensa til Suldal.

Holskrone er lun og solrik og plassen har eit storslått utsyn. Ein ser langt inn i Valleheiane, frå stoveglaset kan ein sjå Dravleskarven i Rjuven. Det er ein stille plass, nesten ingen hytter utanom dei gamle støylane. Her har Olav M. Holen sett opp fleire gamle hus i tillegg til husa frå heimegarden: Ei løe frå Sandnes i Valle, eit lopt frå Krone i Bykle kyrkjebygd og ei gammal badstoge frå Bykilsmoen i Bykle. Husa har han fylt med innbu og reiskap frå barndomsheimen, det blir mest som ein museumsgard. Han har hatt Tojus Uppstad til å arbeide med desse husa, i 2007 står det heile ferdig som ein naturleg heilskap.

Det er dette anlegget han vil nytte til å halde retreat med basis i natur og kultur i området. No inviterer han folk til å kome og vere fem dagar i denne flotte naturen. Han har plass til opp til 15 personar og opplegg for fem dagar til å verte kjent med natur og kultur. Kristin Haugeland er den ein vender seg til om ein vil vere med på dette opplegget. Ho har haugeland.kristin (at) hotmail.com så send ein mail for å få meir informasjon frå henne.

Eg vil og skrive litt meir om dette seinare.

Her er eit bilete av huset i Holskrone hos vafa:
http://vafa.no/index.php?option=com_easygallery&act=photos&cid=29&Itemid=40