Å feire runde dagar

Share

Om du høyrde Open sending i går, gjekk det ei helsing til Lisbeth D. Homme, som fyller 60 laurdag 12. mai. Slik sett er ho tvilling med kona mi, sjølv om det var mange mil mellom dei då dei vart fødde.

Å feire åremålsdagar er ikkje alltid det lettaste ein gjer. Eg hadde ein stor 50-årsdag, feira i to rundar sommaren 1997. Det er eit høgdepunkt i livet mitt, Pieter Leebeek spela på orgelkonsert og deretter var det fest på soknehuset. Vener og kjende møttest og hadde det triveleg saman.

Eg spurde Lisbeth korleis ho skulle feire dagen. Ho hadde tenkt å vere heime og sjode kaffi om nokon kom innom. Så ville ho ta seg fri i neste veke og reise til Bergen i samband med 17. mai-feiringa. Ho kjem til å få ei stor oppleving, få kan feire 17. mai som bergensarane. Eg sender ei stor gratulasjonshelsing til Lisbeth.

Lisbeth har vore ein trufast medarbeider i Valle radio. I fleire år har vi hatt bokprogram kvar tysdag klokka 20. Det lagar vi på den måten at eg tysdag mellom 13 og 14 tek opp eit intervju med henne. Ho seier at tysdagskvelden er den einaste kvelden i veka som ho kjem heim før klokka 19, så ho vil ikkje kome på direkten. Men opptak fungerer fint. Vi har hatt mange interessante samtalar, og truleg har vi medverka til at Kjetil Brottveit og Annemor Sundbø fekk Sørlandets Litteraturpris gjennom programma våre, vi var ivrige i å promotere bøkene deira. Slå opp denne lenka, så ser du lenke til begge to:
http://no.wikipedia.org/wiki/Sørlandets_litteraturpris

Reidun har valt å feire dagen på tur. Det heiter bortreist på dagen. For oss blir det ope hus til sommaren ein gong. I staden tek vi ferja til Danmark i morgon kveld og møter våren i nabolandet i sør. Eg vonar å få ta ein tur i ei kyrkje eller tre, kanskje sjå litt kunst og smake god mat på bursdagen hennar. Om vi finn ein datamaskin der, kan det godt hende at eg bloggar litt, men elles ser vi kva som skjer i Skive og Viborg ei helg i mai.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *