Årsmøtet 8. mai 2007

Share

22 personar møtte opp til årsmøtet på Valle Motell i går kveld, tysdag 8. mai. Når ein ser på referatet frå årsmøtet i fjor, der det var 14 til stades, så kan ein vel seie at frammøtet var godt.

**Årsmelding og rekneskap**
Theis Salvesen helsa velkommen og ba oss starte på rett måte og minnast Hallvard Kjelleberg. Alle reiste seg og mintest han i stille takk. Deretter vart møtet sett, Theis vart vald til møteleiar og Harald Haugland til referent. Berit Homme og Geir Uppstad vart valde til å skrive under protokollen. Så vart innkalling og sakliste godkjent før Theis las opp årsmeldinga (sjå bloggen for i går). Den vart godkjent utan merknader. Deretter las Halvor Rike rekneskapen for 2006 og Harald revisjonsmeldinga. Etter det vart rekneskapen godkjent.

**Val**
Så gjekk vi over til val, der skulle det veljast ny styreleiar og to styremedlemmer. Harald Haugland vart vald til ny styreleiar, Ørnulf Hasla og Inga Flateland vart valde inn i styret etter Theis Salvesen og Berit Homme. På varamennene var det attval, så der held Leif Kvinlog og Anna Rysstad fram. Til slutt vart Liv B. Løyland vald til revisor etter Harald Haugland.

**Matøkt og inspirasjonssamtale**
Etter ei god matøkt med pizza hadde vi ein inspirerande samtale om korleis ein kan gjere radioen og tilhøva rundt radioen betre.

1. Her var det tale om mange ting, mellom anna at sendaren på Hovden ikkje har vore oppe i periodar og at P4 fell ut ved straumbrot. Dette er noko som kviler på samarbeidet vårt med Bykle radio, så vi bør arbeide for å ha det best mogleg. Om det er ein sendar som fell ut, er det viktig at ein melder frå til Jørund, som er vår tekniske sjef.

2. Vidare snakka vi saman om kompetanseheving og meinte at vi kanskje skulle prøve å få til ei inspirasjonssamling på Gimlekollen Mediesenter med opplæring og trening.

3. Det vart teke opp at programmet Kommunen informerer er på ei ulagleg tid når det konkurrerer med Dagsrevyen, så kanskje ein skulle finne ei betre tid for det.

4. Vi snakka og om at vi må gjere noko for å få ei ny internettside. Det var Hallvard sitt prosjekt, og vi må finne ein måte å vidareføre denne sida.

5. Fleire andre område vart drøfta, og Helge Dahle fekk i oppdrag å sjå om han kunne få til ei fornying av reklame og jinglar. Rydding og reinhald i radioen var også oppe. Det er eit område som vi må finne ei løysing på.

I alt er det mange oppgåver å ta fatt på for det nye styret.

Til slutt takka Theis alle som møtte fram for eit inspirerande møte. Aller sist tok Harald Haugland ordet og takka Theis for 10 års innsats i radioen på mange område og ønska han til lukke når han nå flytter til Tveit for å ta til som sokneprest der frå sommaren.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *