Avskjedsfesten i Storstoga

Share

I Storstoga var det dekka langbord til alle som ville kome. Valle og Hylestad bygdekvinnelag stod for servering av suppe, lefser, eplekaker (potetkaker) og rundstykke. Etter kvart fyltest salen opp, men folk sette seg nederst ved borda. Festleiar Bjørgulv T. Berg oppmoda folk om å kome lenger fram mot scenen, men det var fyrst då Astrid Nomeland gjekk rundt og ikkje gav folk valet å sitje bak, at det vart flytting og folk fann saman i tettare lag.

Dei tilsette i sokneråda hadde ein song til Theis då han hadde vore 12 år i Valle. Dei tok ei reprise på den på festen saman med heile festlyden etter at Helene Horverak frå Bykle sokn hadde sagt nokre velvalde ord:

Vi salutterer og applauderer
for kjære Theis nå har du satt en ny rekord.
Du hørte kallet. Et rop fra Valle
og vi er glad for at vi er din lille hjord.

Du hilser alle de som du møter «SIGNE DAGEN»
og i det siste har du begynt å dyrke hagen.
Du har’ke mye tid å sitte ned på baken.
Har du sett maken
til vår sokneprest?

Ref.

Med soknepresten vår går det fort i gjennom svinger.
Er du beskyttet av et par ekstra englevinger?
På rattet er det ofte du ikke har en finger.
Så la det svinge,
hu hei hvor det går.

Ref.

Du deler med deg av de blomstene du finner
og komplimenter har du til alle dalens kvinner.
Vi tor nok absolutt at det er en sikker vinner
og at du finner
de riktige ord.

Ref.

I dag så mener vi det er rett av oss å takke
og vi har ordna slik at du får en liten pakke.
Ja, noen av oss kommer nok også til å snakke,
å holde tale
for deg, kjære Theis.

Ref.

Andre som heldt tale, var soknerådsleiar Gro Haatveit Hovet, som og overrekte eit maleri av Harald Lund av koret i Valle kyrkje. Biletet, som var eit ungdomsverk av Lund, hadde i si tid vore gåve til sokneprest Amlie då han reiste frå Valle.

Tidlegare banksjef Olav Knutson Rike hadde ei personleg helsing og gav Theis eit reiseaskebeger som han meinte Theis nok kunne få bruk for.

Prost Ole Gunnar Sæbø heldt tale og overrekte ei Poco loco-trøye, symbolsk, ettersom poco loco på italiensk betyr passe gal.

Prostidiakon Per Emmanuelsen tala og, hans tale var til Marit Salvesen, som har vore diakonal medarbeider på mange måtar. Gåva var ei bok om englar. Marit kvitterte med ein fin tale der ho sa noko om kva Valle har betydd for henne og familien.

Frå Valle kommune helsa rådmann Arne Tronsen og overrekte eit åkle vove av Karin Bøe, ei rugge, seier dei i Valle, ei brosse i Hylestad. Åttebladrosa var motivet på åkleet.

Også soknepresten i Bygland hadde kome for å helse denne dagen, både frå Bygland kyrkjelege fellesråd og frå Otredal prostilag av Presteforeningen, der han hadde vore formann og hatt Theis som sekretær dei fleste åra.

Til slutt stilte Bygdekvinnelaget opp og fekk velfortent applaus. Dei kvitterte med songen Flaumen går, og då kom Marit opp og var med, ho har og vore med i og sett pris på Valle Bygdekvinnelag.

Kakebordet var overdådig, men litt tidsnaud gjorde at dei fleste fekk bare ein tur for å smake på godsakene. Det var kanskje like godt…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *