Avskjedsgudstenesta

Share

Så var avskjedsfesten over. 1. pinsedag i år vart heilt spesiell i Valle. Alt like etter at klokkene hadde teke til å ringe, tok andre tonar over. Tore Ljøkjel, kjent som saksofonisten som spelar frå kyrkjetårn, let tonar frå kjende kristne songar og salmer lyde ut over ei solskinsbada bygd. http://www.tore-ljokjel.com/ Etter kvart fekk vi vite at dette var ei overraskingsgåve til Theis og Marit, som hadde sagt at dei likte musikken hans svært godt.

Kyrkja vart etter kvart ganske full, folk kom i bunad denne fine vårsøndagen, som ikkje var særleg varm, difor høvde varm bunad godt som plagg denne dagen. Gudstenesta hadde ikkje endra rituale, alle som kjenner Theis, veit at han set pris på høgmesseliturgien og lever tett i den. NoS 537 Guds kirkes grunnvoll ene, var fyrste salma, ei tradisjonell pinsesalme. Så helsa han velkommen og leidde oss i syndsvedkjenning, bønerop og lovsang før kollektbøn. Deretter las klokkar Karin Bøe teksten frå 1. Mos. 11, 1-9 om Tårnet i Babel, sjå http://bibelen.no/chapter.aspx?parse=1 Mos 11,1-9#0 før vi song den tradisjonsrike pinsesalma NoS 209 Kom Ande med di skaparmakt.

Etter andre lesning, som var Apgj 2, 36-41, sjå http://bibelen.no/chapter.aspx?parse=Apg 2,36-41#34 om pinseforkynninga til Peter, spela Tore Ljøkjel stykket Pust av himmel, før Theis heldt preika. Som preiketekst nytta han det som eigentleg var lesetekst denne sundagen, frå Jesu avskjedstale til læresveinane; Johannes evangelium 14, 23-29, sjå http://bibelen.no/chapter.aspx?parse=Joh 14,23-29#21 Så song vi NoS 223 Kjærlighet er lysets kilde.

Under kunngjeringane fekk så prost Ole Gunnar Sæbø ordet. Helsinga hans har eg fått og vil leggje ut på bloggen i eit seinare innlegg.

Etter Forbønn, der kyrkjelydsvara var utvida til å syngje eit heilt vers, ikkje bare ei linje, leia av forsangarkoret, var det takkoffer til Normisjon sitt Cubaprosjekt. Ofringa gav ny rekord i Valle kyrkje, over 11.000 kroner kom inn til prosjektet. Så var det etter at vi hadde sunge NoS 642 Når vi deler det brød som du oss gir, tid for nattverd, denne dagen ved intinksjon, det vil seie at kyrkjelyden kom opp til koret, fekk brødet i handa og dyppa det i vinen før ein så gjekk tilbake til plassen i kyrkja. Under nattverdmåltidet song vi NoS 514 Reis deg, Guds menighet, og den fulltonande salmesongen med Tore Ljøkjel sin improvisasjon på saksofonen, gav ein ekstra dåm til altergongen.

Før gudstenesta var til ende, var det også dåp. Ingrid Olavsdotter Bø var namnet til dåpsbarnet om eg ikkje hugsar feil. NoS 428 Eg er liten men eg vil alltid høyra Jesus til, var dåpssalma denne sundagen. Til avslutning song vi NoS 300 No takka alle Gud før velsigning og sending. Så gjekk prosesjonen ut medan Tonhild Kråkenes og Tore Ljøkjel spela Gammel Sjugursmarsjen som postludium. Og snart var Ljøkjel atter i tårnet og let tonar klinge ut over bygda medan kyrkjelyden tok turen til Storstoga for å ha avkjedssuppe og talar og kaker etter tradisjonell oppskrift.

Den vil eg kome attende til i eit seinare innlegg på bloggen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *