Ørekyte og eustrongylides sp

Share

På eit kart som er teke med i VAFA Rapport 2-2005, sjå http://www.vafa.no/ nede til venstre på sida, syner Tom Arild Homme utbreiing av ørekyte i Øvre Setesdal. På grensa mellom Vinje og Bykle ligg Sævatn, og så går det nedover: Breidvatn, Mjåvatn, Lislevatn, Store Førsvatn, Breivevatn, Hartevatn, Hartevasstjønni, Bossvatn, Floslivatnet, Bykil, Trydalstjønni, Harstadbassenget og Flåne. Alle desse vatna er bunde saman av Otra.

Tom Arild fortel vidare i rapporten:

I samband med tømming av ørekyteruser i 2003 vart det observert eit individ av rundormen Eustrongylides kravlande i ei bøtte med ørekyte. Med bakgrunn i denne oppdagiga vart fleire av ørekytene undersøkt for parasittar. Det vart då funne 3 ørekyter som var infisert med Eustrongylides sp. Dette er ein rundorm som er ein særs vanleg parasitt i aure i Otra. Det er derimot ikkje kjent at den er ein del av parasittfaunaen til ørekyte.

Enkle registreringar i samband med rusefisket på Sandnes i Valle har vist at ca 5% av ørekytene er infiserte med Eustrongylides. At ørekyte kan vere vert for denne parasitten vil i teorien ha svært negative effektar for parasittsituasjonen i aurebestanden. Eustrongylides har fiskeetande fugl som hovudvert (for eksempel laksand). Parasitten er heilt avhengig av å komme i fugl for å verte kjønnsmoden og legge egg. Når mange ørekyter er infiserte i tillegg til aure, vil fleire fiskeetande fuglar få i seg parasittinfisert fisk. Dermed vil fleire parasittar bli kjønnsmodne og legge egg. Dette føre vidare til at fleire fåbørstemarkar, som er parasitten sin første mellomvert, blir infiserte. Sjansen for at fisket et ein fåbørstemark som er infisert av parasitten, vert følgeleg høgare.

Eustrongylides er eit stort problem i nokre av terskelbassenga i Otra. Ved prøvefiske ved Sandnes i Valle i 2002 vart det observert eustrongylides innkapsla i muskulaturen på 27 av 83 aure (32,5%). Slike observasjonar vart og gjort etter prøvefiske i Floslivatnet i 2002 og i Trydalstjønna i 2004.

Funn av eustrongylides i ørekyte kan kanskje forklare dette fenomenet. Teorien er at aure som et infisert ørekyte lett kan få parasitten i kjøtet. Parasitten vil krype ut av den døde ørekyten og bore seg gjennom magesekken og vidare inn i kjøtet til auren. Der vil den stoppe opp når den merker at tilhøva er levelege, sluttar Tom Arild.

Om denne teorien stemmer, veit eg ikkje. Eg veit heller ikkje om det er gjort fleire undersøkingar og registreringar av eustrongylides sp i ørekyte. Men det er viktig å finne ut av dette med sikte på å få ein god og sunn bestand av aure i vatna i Øvre Setesdal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *