Pinsefest

Share

Pinsa er nok den kristne høgtida som er minst tydeleg for nordmenn flest. http://no.wikipedia.org/wiki/Pinse 1. pinsedag er sjuande sundag etter påske, og det er i morgon. Høgtida er til minne om då læresveinane fekk Den hellige ånd. Etter det tala dei ulike tungemål, og pinsedagen har blitt symbol på kristen einskap ved tru på Jesus Kristus på tross av språk og mange andre ting som skil truande frå kvarandre.

I fjor var det hundre år sidan pinsevekkinga starta. Den har gått over verda som ein stormvind. Denne veka var det eit 20-siders vedlegg til Aftenposten om markeringa Pinse for Alle, som skal vere i Oslo Spektrum 19.-23. september. Den skal markere hundreårsjubileet i Europa, og det er venta mykje folk til Oslo i høve jubileet.

På verdsbasis tel pinserørsla over 600 millionar menneske, og då oppstarten i Azusa Street i Los Angeles skulle markerast i Los Angeles, måtte ein ta i bruk OL-stadionet i byen for å få plass til alle delegatane. http://no.wikipedia.org/wiki/Vekkelsen_i_Azusa_Street

Markeringa i Asia skjedde i Jakarta i Indonesia, verdas største muslimske land. Her fylte dei og det største stadionet i byen. Når markeringa av jubileet er ferdig i Oslo, står Azusa Africa for tur.

Lokalt kjenner vi pinserørsla ved at dei har ei forsamling i Bykle. Den er vel helst å sjå på som ein utpost av Filadelfia, Vennesla
http://no.wikipedia.org/wiki/Filadelfia_Vennesla

I bilaget Pinse for Alle skriv Gunnar Jeppestøl, som er leiar i Pinsebevegelsens Lederråd at Den norske Pinsebevegelsen ønsker å markere at det nå er tid for å samles i enhet som kristne. Pentekostalismen veks med rekordfart over store deler av verda, men så langt ikkje i Europa. Dagbladet karakteriserte nyleg denne rørsla som ein global revolusjon på linje med Internett, drivhuseffekten og WTO. I Noreg skal det markerast med fleire hundre felleskristne møte og konsertar over heile landet, som kulminerer i arrangementa i Oslo Spektrum.

I Valle skal vi denne pinsa markere at soknepresten vår gjennom 18 år, Theis Salvesen, no flytter til Tveit ved Kristiansand for å vere prest der. Avskilsgudstenesta vert i morgon, 1. pinsedag, i Valle kyrkje klokka 11,
http://no.wikipedia.org/wiki/Valle_kyrkje
og etterpå er det kyrkjesuppe i Storstoga før det heile vert runda av med ein orgelresitasjon av vår tidlegare organist Bernhard Emmelkamp, som vil markere minnet for den dansk-tyske komponisten Dietrich Buxtehude, som døydde for 300 år sidan. http://no.wikipedia.org/wiki/Dietrich_Buxtehude

Eg vonar at mange finn vegen til kyrkja i morgon, slik at det vert ein fin pinsefest også i Valle dette året, ein fest der vi kan vere saman på tross av det som måtte skilje i syn og meiningar, idear og haldningar og sjå at Jesu frelsesverk legg grunnlag for tilgjeving og ny nåde.

God pinse!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *