Program for 9. mai

Share

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Gudrun Rysstad
Telefonvakt: Bjørg Ragnhild Trydal Jansen og Berit Homme
Open sending: Rolf Erik Homme og Kjell Olav Uppstad

Inga Flateland var teknikar den første timen, for Gudrun måtte slå stortromme i korpsøvinga til 17. mai. Det er ikkje så mange vaksne med i korpset, men det er godt med aspirantar, så det blir korpsmusikk i år og.

Første tema var sesongen på skisenteret på Furestøyl. Bjørgulv hadde ein telefonprat med Jan Wojtaszek, som var godt nøgd etter ein noko vanskeleg sesong med mykje mildver. Den nye terrengparken øvst i anlegget fungerer godt og har vore ei kjelde til mykje aktivitet.

Andre tema var og ein prat på telefonen. Denne gongen var det Frode Buen som snakka om reiseliv, særleg om spørsmålet om å slå saman ressursar innan reiseliv i øvre og nedre del av Setesdal.

Klokka halv sju kom Leif Kvinlog i studio for å fortelje om konserten Valle Folkeakademi skal ha til sundag. Då kjem Knut Buen til Spelestoga klokka 19.30 for å spele og kåsere om temaet Fossegrimen og pilegrimen, eit tema som Leif meinte ville vere interessant for folk frå Bygland til Bjåen.

Etter det heldt heldt han fram i studio då Bjørgulf ringde til Knut Inge Hovet, som har vunne ein pris for ei oppfinning. Knut Inge fortalde kva det heile gjekk ut på og at han trudde det kunne verte ein stor marknad for produktet. Medan han gjekk på ungdomsskulen, var Knut Inge teknikar i Valle Radio. Eigentleg er han utdanna elektrikar, men Bjørgulv meinte at han neppe fekk tid til å vere elektrikar om det nok synte seg at oppfinninga slo an, for det er ikkje noko tilsvarande produkt nokon stad og marknaden kan verte verdsvid.

Til slutt snakka Bjørgulv og Leif om kulturveka til hausten. Det er tid for å starte planlegging av den, og Leif ville gjerne ha innspel frå lydarane.

Klokka 19 kom Sissel Åkre i studio til Kommunen informerer. Ho snakka mellom anna om 17. mai, som bare er ei god veke fram i tid, så den halvtimen gjekk fort.

Tankar frå Bibelen måtte i dag erstattast av to andaktar frå serien Over ein open Bibel, for Torleif B. Harstad, som stod på lista og i avisa, dukka ikkje opp.

Klokka 20 dukka Roar Tveit opp i studio saman med Harald Haugland til Bjørgulvs time med gjester. Dei snakka saman om årsmøtet i Valle radio, som var i går kveld. Timen gjekk fort med musikk mellom taletrengde menn.

Frå 21 til 22.30 var det Open sending med Rolf Erik Homme og Kjell Olav Uppstad i studio. Dei hadde god respons på sendinga med svar på rebusane og helsingar frå lyttarne. Premiane gjekk til:

Torleiv Jansen: Krus
Ingfrid Trydal: Radiosekk og fotbad
Ann-Christin Jacob: Skål, gåve frå Gyro K. Homme
Kjellaug Rysstad: Termos
Angerd Mosdøl: Radio
Anbjørg Trydal Jansen: Lommelykt

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *