Salatdisken, sunt kosthald og sykling

Share

Det har kome salatdisk på Valle Handel og i kveld var Gunnar Brottveit i studio og fortalde om disken. Det er ein del av ein trend ein ser til eit sunnare kosthald, men Gunnar sa at dei hadde lurt på korleis dei skulle få plass til disken, for det kjem stadig nye ting, men lite av gamle produkt vert tekne bort. No skal dei og ha inn ein ny disk til mjølkeprodukt, for Tine utviklar stadig nye variantar utan at så mange gamle går ut av produksjon.

-Kor mange porsjonar med salat rekna de med å selje? spurde eg
-Vi tenkte at vi kanskje kom til å selje 20 porsjonar, sa Gunnar og fortalde at dei så langt har seld det doble og meir til. -Vi må stadig passe på og fylle på, for det går ut ganske fort.

Det er helst til lunsj folk kjøper salat. Før kom dei inn og kjøpte skulebollar eller bollar, no går det mindre av det. Ingrid fortalde meg i butikken i dag at dei hadde trudd dei skulle klare det med å kutte ingrediensane sjølv, men dei må få utstyr til å kutte. Gunnar kunne fortelje at Mattilsynet hadde godkjent opplegget, mellom anna må det vere vatn nært disken, slik at det fell lett å vaske. Ettersom dei hadde ein disk der dei hadde kutta kjøt og pølser før, kunne dei nytte den.

Gunnar er ein ivrig syklist, men hadde ikkje meldt seg på turen som skal gå til helga frå Kristiansand til Hovden. Det hadde Tarald Myrum, men han hadde enno ikkje prøvd salatdisken. Saman med Jens Gunnar Haugen, Arild Aabø og Gudrun Rysstad skal han sykle det rittet som ette kvart er blitt populært hos mange. Tarald hadde meldt seg på i 7-timarsgruppa, dei to andre mennene frå Valle finn vi i 6-timarsgruppa medan Gudrun har satsa på at ho skal klare turen på rundt åtte timar.

-Eg må i grunnen starte i dag å ete dobbelt så mykje som vanleg, sa Tarald, -slik at kroppen kan ha eit lager av næring til laurdag. Så vert det å ta med vatn på flasker, i tillegg er det matstasjonar, mellom anna i Valle sentrum. Dei fyrste vil truleg vere her om lag halv tolv, løpet startar klokka åtte i Kristiansand.

Vi vil ønske til lukke med salatdisken og lukke til med sykkelturen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *