Suleskarvegen

Share

Så er Suleskarvegen open att.
http://no.wikipedia.org/wiki/Suleskarveien
Den vinterstengde delen av Riksvei 45 opna i går, 21. mai klokka 12.00. Saluttkanonane burde vore lada, for med det er sommartida komen her i Setesdal. Eg tenkte på det då eg køyrde oppover frå Mandal sundagskvelden, det var ljost til klokka 22, at no var det bare opninga av vegen som stod att, så kunne sommaren kome.

Min kollega Øystein Berg fortalde i dag at han i går hadde vore innover på sykkel frå Sitåsan til Kvislevasskaret. Han skjøner at det er sykkelulukker etter vegane, for når store campingbilar kom, var det ein kraftig sug etter dei. Nokre køyrer ganske fort, sjølv om dei møter ein syklist, det verkar som om det er om å gjere å kome raskt forbi.

Når vegen opnar, opnar også folk lommebøkene og reiser til IKEA og Kvadrat. Å kome på eit stor kjøpesenter, er ei gåve for mange, anten dei skal handle mykje eller bare sjå på utvalet. http://no.wikipedia.org/wiki/IKEA Neste år har IKEA 20-årsjubileum i Sandnes.

Suleskarvegen har vore ein kjepphest for meg dei åra eg har budd her, i alle fall er det mange som meiner det. Det er nok også rett, eg stilte gjerne spørsmål om vegen den tida eg var i kommunestyret. No ser det ut til at tida arbeider for vegen, vi treng ein veg til avlastning av Sørlandske hovudveg. Mange meiner at trafikken vil verte svært høg i år, ettersom det er trafikkaos i Vestfold, der tunnelane vart stengde. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hanekleivtunnelen , der er det til og med bilete av steinmengdene som fall ned.

Det var lensmannen i Sirdal som gjekk ut i media med saka om at trafikken kunne auke over Suleskarvegen i sommar. Han hadde i friskt minne ulukka i fjor der ein trailersjåfør omkom på vegen og meinte at ein bør gjere noko slik at ikkje nye ulukker kjem i år.

I påskesendingane våre var Saavi Nomeland og Tåle Nomeland ute og fortalde om tankane sine om å lage tunnel under høgfjellet, slik at vegen kan verte heilårsveg. Det hadde mange vore glade for, ikkje minst folka i Stavanger som har skaffa seg hytte på Hovden og i Brokke. Ei så omfattande avkorting av vegen hadde vore kjærkomen for dei som no må ta turen om Evje.

Eg pleier å ta ein tur over fjellet på føresommaren. Men denne veka er det program i Valle radio to kveldar, og så nærmar pinse seg med lange steg, så det vert nok ikkje før etter høgtida eg får høve til ein slik tur. http://no.wikipedia.org/wiki/Pinse

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *