Sundagskveld

Share

Så sit eg i Valle ein sein sundagskveld og skal skrive litt på bloggen att. Det vart til at eg reiste opp i kveld, mellom anna fordi breibandet mitt fall ut heime i Mandal. Difor kunne eg ikkje skrive på bloggen derifrå i kveld, og då valde eg å reise opp seint sundagskvelden.

Det merkast at vintersesongen er over, for trafikken nedover var minimal. Veret var heller ikkje så aller verst, det meste av turen var det bare ein og annan regndrope. Så kunne eg halde mitt eige tempo oppover Mandalen, på turen frå Sveindal til Hornnes møtte eg nokre bilar, og på Evje er det alltid folk på Texaco, men når eg så sette kursen nordover frå Evje, vart det stillare og stillare.

Godt var det då å høyre på Salmer til alle tider med Helge Gudmundsen. Han hadde funne salmer om skaperverket i kveld, og då fekk eg ein halv times musikkandakt. Det er vel i grunnen hans program som har inspirert meg til dei Salmekveld-programma eg har hatt i Valle radio i vinter, der ein halv time med salmer skaper ro ei tidleg kveldsstund.

Helge Gudmundsen pleier å ha Salmenøtt, eg sat og lurte på om eg skulle innføre noko slikt i neste Salmekveld i Valle radio, men var litt usikker på om det ville høve. Synspunkt frå blogglesarer vert teke imot med takk.

Då Salmer til alle tider var slutt, sette eg på min eigen salmekveld. Eg er glad i korsang, og Adventsangerne er noko av det beste av norsk kortradisjon med Sverre Valen som dirigent. På wikipedia har vi hatt ein diskusjon om kva for kor som skal få vere med i encyklopedien vår. Nokre vil at det bare skal vere med elitekor eller kor som har gjeve ut ei plate som er seld i meir enn 1000 eksemplarar, eg meiner at mange fleire kor kan få artiklar i leksikonet. Etter kvart har eg landa på at dei som presenterer seg i det offentlege romet og har ei levetid på fem år, bør få sin plass der, uavhengig av om dei har gjeve ut plate. Etter kvart har det blitt artiklar om dei fleste idrottslag i Noreg, då kan det vere artiklar om dei fleste kora også.

Sjå her for 37 artiklar om norske kor på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Norske_kor

Adventsangerne er ikkje kome med enno, men SKRUK har fått ein artikkel. Det er eit kor som eg har stor sans for, og eg har brukt musikk dei har spelt inn mange gonger i Valle Radio.

Så kan eg runde av denne sundagskvelden, og eg fekk ein artikkel på bloggen i kveld og.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *