Tor Aukrust

Share

I dag sat eg og såg på nokre teologar på wikipedia. Då kom eg til å tenkje på Tor Aukrust og boka **Exodus : om forkynnelsens krise** som han skreiv i 1984. Dei tankane førte meg nordover til Stokmarknes, der prost Thorodd Bakken kom til meg med boka og sa eg måtte lese den. Den gamle prosten meinte det var den beste boka han hadde lese på mange år, og han las ganske mykje på sine eldre dagar.

Det var ingen artikkel om Aukrust på wikipedia, så eg skreiv ein. Du finn han her: http://no.wikipedia.org/wiki/Tor_Aukrust

Etter kvart som eg skreiv kom eg til å tenkje på kva han har betydd for norsk kyrkjeliv og kristenliv. Han er ikkje særlge kjent lenger, han døydde sist sundag og skal gravleggjast i morgon. Eg er glad eg fekk skrive den artikkelen.

Aukrust betydde mykje for at Arbeiderpartiet ikkje lenger var så kyrkjeskeptisk, han betydde mykje for Kjell Magne Bondevik sitt arbeid for å utvide Kristeleg Folkeparti sitt grunnlag til å vere noko meir enn dei faste hjartesakene. (Truleg betydde hans tankar mykje for Theis sitt engasjement også, i morgon klokka 19 samlar han oss til årsmøte i Valle radio og takkar for radioarbeidet han har vore med på i tida si som sokneprest i Valle. – Og vi skal takke han. du kjem vel? )

I 1991 fekk Tor Aukrust Brobyggerprisen for sitt arbeid med å inkludere og ikkje ekskludere. Det sitatet eg fann av han og skreiv inn i artikkelen, kan eg godt ta med her og:

”Evangeliet skal ikke oppbevares som relikvium i gullskrin i Jerusalems tempel. Evangeliet skal tvert om gjennom forkynnere slynges ut av det hellige tempel, det skal kastes ut på torget, ut over jorden helt til dens utkanter” (Tor Aukrust)

Dei lenkene nederst i wikipediaartikkelen bør du unne deg. Dei fører til verdifulle artiklar om ein særprega person som fekk mykje å seie for kyrkjeforståing og kristenliv dei siste 40 åra, frå den sosialetiske vekkinga kom og endra forståinga av kristen etikk: det er ikkje lenger berre eg no, heretter heiter det vi. Biskopar som Gunnar Stålsett og Tor B. Jørgensen står i denne tradisjonen, men truleg står dei fleste kyrkjeleiarane i dag i skuld til Tor Aukrust. Det gjer også vi vanlege fotfolk, som i større og større grad tenkjer sosialetikk og samfunnsetikk, og ikkje bare individualetikk.

I morgon vert han gravlagd. Om du går til Aftenposten, kan du sjå annonsen http://www.aftenposten.no/ Det er lenke til dødsannonsar til venstre på hovudsida, litt nede, og så kan du klikke deg vidare. Så kan du takke og be.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *