Torvald Moseid

Share

I dag var museumsstafetten komen til Setesdalsmuseet på Rysstad, og denne gongen høvde det slik at vi tok turen ut dit klokka 13 for å vere med på dette spesielle opplegget.

I høve at Setesdalsmuseet stiller ut den broderte frisa **De fire årstider** av Torvald Moseid, hadde dei henta inn Eldbjørg Giske, som arbeider med mastergradsoppgåve om kunstnaren, til å fortelje. Ho synte bilete samstundes med foredraget sitt, som gav eit inspirerande bilete av ein særmerkt kunstnar. Etter henne kom Annemor Sundbø og fortalde om tråden han brukte, det gjorde ho med å syne ulla og spinne av den ulla som han brukte, som var den beste ulla frå spelsauen. Ho heldt og eit engasjert innlegg for spelsauen og hausta varm applaus frå eit publikum på hundre menneske som fylte foredragssalen på museet.

Eg møtte Ånund K. Homme på arrangementet. Han er leiar i Bykle og Valle kunstlag og fortalde at kunstlaget hadde teke initiativ til å prøve å få denne frisa til utstilling på museet. Det er Aschehoug forlag i Oslo som eig kunstverket, og dei har problem med å finne ein stad til det. No er det deponert på Setesdalsmuseet for fem år med opsjon på fem år til. Ånund K. hadde likt godt om det i materialet på Setesdalsmuseet hadde kome fram at Bykle og Valle kunstlag var medverkande til at teppekunsten kom til Setesdal, men det har dei så langt eg har kunna finne ut, ikkje fått plass til. Kunstlaget har og kjøpt inn fleire skisser av Moseid som dei med tid og stunder kanskje kan lage ei utstilling av. Desse skissene er deponerte på museet inntil vidare, og han hadde vona at dei kanskje hadde blitt med på utstillinga, men så er ikkje skjedd, og Ånund K. var nok litt skuffa over det også.

Men utstillinga er blitt ein vakker dokumentar over eit kunstnarleg sinn, og medan vi gjekk rundt i salane på loftet på Setesdalsmuseet, kvod Kirsten Bråten Berg ei rekke årstidsrelaterte stev. Det var så vent at folk stoppa opp midt i turen rundt langs veggene. Etter besøket på loftet, baud Setesdalsmuseet på suppe til alle gjestene. Då takka me for oss og fann oss anna å ha til middag, ettersom me hadde hatt suppe dagen før.

Her er lenke til ein artikkel eg skreiv i dag om Torvald Moseid på Wikipedia
http://no.wikipedia.org/wiki/Torvald_Moseid

Og her er lenke til ein artikkel av Jon-Roar Bjørkvold om Moseid
http://www.freidig.no/20071.html#RUSSISK

Eg har planar om å skrive ein artikkel om teppet som står utstilt på museet på wikipedia. Men det vert ikkje i dag.

Eg vil anbefale deg som ikkje var på museet i dag å ta turen dit og lære noko nytt om kulturen inspirert frå Setesdal og lyft til nasjonalt nivå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *