Sorgen og gleden 2

Share

Som eg skreiv for nokre dagar sidan: **Sorgen og gleden de vandre til hope.** Sist laurdag var eg i bryllaup, i går var det tid for gravferd. Sjølv om vi ikkje var så nære vener, valde vi å dra til Flekkefjord og fylgje bror til svogeren min til grava.

Det slo meg at lektoren på Flekkefjord videregåande skule hadde vakse saman med byen etter 34 år på skulen der. Familien hadde tenkt å vere der ei kort tid, men slik vart det ikkje. Dei slo rot i byen og fann seg til rette der, ikkje minst fordi dei hadde funne mange aktivitetar som dei hadde blitt med i. Å høyre vener fortelje om engasjement og glede i liv og fellesskap var triveleg og godt å få med seg.

Å høyre familien fortelje om realismen i møte med kreft, var ikkje mindre interessant. Som biolog hadde han sett seg godt inn i det som skjedde, og då det etter kvart synte seg å vere uråd å stoppe sjukdomen, hadde han lagt til rette både på skulen og elles for å gjere seg ferdig med livsverket. Helst ville han at kyrkjelyden skulle syngje Å hvor salig å få vandre medan kista vart ført ut av kyrkja, men det enda med at vi song den før kista vart boren ut. Han gledde seg til å få heimlov, sjølv om han så gjerne ville fått opplevd barnebarns vekst og møte med livet.

Rektor ved skulen, som hadde arbeidd saman med han i alle dei 34 åra som kollega og sidan som leiar, fortalde at dei hadde skjøna kva veg det gjekk til jol, og difor markert slutten på yrkeskarrieren ved joleavslutninga. Likevel heldt han ut til skuleåret var slutt, kollegaene hadde fått melding om dødsfallet siste skuledagen. Så var og kyrkja midt i Flekkefjord sentrum nesten heilt fullsett i gravferda.

I minnesamværet vart biletet av ein inspirerande lærar fargelagd av fleire. Mest imponerande var det å høyre borna, som alle valde å trekke fram eit lite minne frå pappa og dele med oss andre. Det var glede og takk som prega biletet dei teikna der i Ungdomshallen, huset til KFUK/KFUM i Flekkefjord, som hadde vore ramme om mykje av livet til familien.

Å, hvor salig å få vandre
hjemad ved vår Faders hånd.
Snart er slutt vår ørkenvandring,
vi går inn i Kanaans land.
Herlig sangen der skal bruse,
sterk som lyden av en mektig flod.
Ære være Gud og Lammet
som oss kjøpte med sitt blod.

Orientering

Share

Ein gong har eg vore med i orienteringsløp. Truleg var eg 14 år, vi hadde hatt orientering på skulen, og ei stund etter skulle vi prøve kunnskapane våre. Det gjekk skeis. Då eg kom i mål, hadde dei pakka ned og dei fleste var reiste heim. Eit par stakkars funksjonærar prøvde å halde motet oppe på kvarandre og vona at dei slapp å setje i gang ein leiteaksjon. Eg skjøna jo at dette ikkje var noko for meg, og sidan har eg ikkje prøvde meg på noko slikt.

Her er ei lenke til artikkel om orientering i wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Orientering

Men eg las med interesse i Setesdølen tysdag 26. juni om arrangementet på Hovden. FOr det fyrste var eg imponert over at dei klarte å samle dobbelt så mange folk som det bur i Valle til ei helg med stor aktivitet. Det er ein måte å utvide sesongen på, og Ørjan Hatteberg sine bilete gjer reportasjen svært interessant.

Eg har vore med på turorientering etter fadesen med orienteringsløp. Det var noko heilt anna. Då kjøpte vi eit kart, og så gjekk me turar i skog og mark til ulike postar rundt om i kommunen. I Valle har Valle IL hatt eit slikt opplegg nokre år, det har vore populært etter det eg skjønar. I mange program der Theis har vore programleiar, snakka han om turar han gjorde til ulike postar.

Opplegget fungerer i år og. Det kan vere ein god grunn til å ta turen ut i skog og mark for å finne postane. Her er lenke til Valle IL sine sider: http://www.valle-il.no/

God tur.

Blå brikke

Share

Medan kona har fått blå brikke til bilen, har eg ikkje fått. Det er litt surt, for vi betalte samstundes og det er snart fire månader sidan. Eg sende eit brev til oslo@toll.no. Der var dei raske med å svare. Og svaret var at dei bare kravde inn pengane, det var biltilsynet som stod for utsending av blå brikker.

Jaja, så får eg kome meg ein tur til Biltilsynet i morgon og finne ut kva dei seier.

Men dei har ei god og oppdatert teneste på korleis situasjonen er i kommunane. For Setesdal ser det slik ut:

**Bykle:**
Krav til 845 bilar, 1.794.385 kroner
Ikkje bet. 38 bilar, 92.382 kroner

**Valle:**
Krav til 1618 bilar, 2.759.805 kroner
Ikkje bet 56 bilar, 85.810 kroner

**Bygland:**
Krav til 1349 bilar, 3.519.995 kroner
Ikkje bet. 67 bilar, 131.590 kroner

**Evje og Hornnes**
Krav til 2768 bilar, 6.036.235 kroner
Ikkje bet 73 bilar, 163.580 kroner

**Iveland:**
Krav til 1071 bilar, 2.306.325 kroner
Ikkje bet 58 bilar, 120.070 kroner

Det betyr at staten trekkjer ut 15.416.745 kroner frå Setesdal i køyretyavgifter. Det er om lag 9 prosent av det som vert kravd inn i Aust-Agder. Lista syner og at det er 7651 køyrety i Setesdal. 292 av desse kan verte avskilta om dei ikkje betalar.

140 tonn kalk på eitt år

Share

I 2007 skal VAFA kalke med 140 tonn kalk i ei rekke vatn. Du kan lese meir om det på
http://vafa.no/index.php?option=com_content&task=view&id=76&Itemid=2

Grunnen til dette er sur nedbør, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Sur_nedbør. Medan du er på wikipedia, kan du og klikke deg inn på Gøteborgprotokollen og sjå korleis dette er eit spørsmål om internasjonale avtalar. Slik vert situasjonen i Aust-Agder påverka av internasjonale avtalar.

Når ein går på nokre av lenkene til andre språk, ser ein at det ikkje er eit lokalt fenomen, men at problem med sur nedbør finst over heile verda. Det er utslepp frå industrien som gjer at vi får sur nedbør, og i nærområda til fabrikkar vert ofte skog øydelagd. Av den grunn har ein bygd høge skorsteinar, slik at utslepp til luft skal kome høgast råd, for så å bli ført med vinden bort frå området der utsleppet er. Likevel har ein i nokre område funne verdi på under 2,4 ph i regn, det er på nivå med eddik. Sjå http://asd-www.larc.nasa.gov/biomass_burn/glossary.html Acid rain

Det seier seg sjølv at fisk ikkje kan leve under slike tilhøve. Etter mi meining burde VAFA fått ein miljøpris av Valle kommune for 20 år med kalking av vatn på Setesdal austhei og Setesdal vesthei. Kvar dag når vi gleder oss over at vatnet som renn gjennom bygda kan drikkast og at fisk lever der, burde vi sende ein tanke til eldsjelene som har stått for eit omfattande arbeid med å få vatna tilbake til den status dei hadde før. At dei og har satsa på fagleg tyngde med ei rekke rapportar og solid informasjon om det dei held på med, er med på å gjere oss medvitne om kva som må til.

Eg er nok redd at det er få som har sett seg inn i dette stoffet. Kan hende skulle sommaren vere ei tid der ein ikkje bare nyt at det renn friskt vatn i bekkar og elver, men der ein og skaffar seg kunnskap om arbeidet som er gjort og som ligg framom.

I dette perspektivet vel eg å sjå prosjektet Gratis fiske. Om det kjem på beina, vil vi få ei sterk utviding av innsatsen både når det gjeld arbeid og pengar. Difor meiner eg at kommunen bør sikre seg at eldsjelene får høve til å realisere draumane sine, til beste for oss alle i ei vakker bygd med turistar og fastbuande i samspel med miljøet.

Ekstrasending

Share

Onsdagskvelden vert det ekstrasending i Valle Radio klokka 18. Eg sende annonse til Setesdølen og skreiv og ei lita melding til avisa:

Onsdag vert det ekstrasending i Valle Radio. Staben i radioen har teke sommarferie, men Torhild Sandnes stiller opp som teknikar for at folk skal få høyre kommunestryemøtet i radioen denne kvelden.

I fylgje saklista, som stod i Setesdølen fredag, skal kommunestyret mellom anna vedta årsmelding og rekneskap for 2006, brøyting og strøing dei neste fire åra og reguleringsplan for Uppstad Fjellgrend. Det skulle altså vere litt av kvart å få med seg om ein set på radioen denne kvelden.

Bakgrunnen for at vi sender dette er at folk har spurt om det. Kommunestyremøta er stoff som kan vere interessant, og då vi no fekk oppfordring om å sende det, ville vi gjerne prøve å gjere vårt beste for å få det på lufta.

Takk til Torhild Sandnes som stiller opp og teknisk sjef Jørund Georg Jore som ordna det heile.

Bryllaup

Share

Mange seier at dei unge ikkje giftar seg lenger, dei bare flytter saman. Det er sikkert noko rett i det, men det gjeld på ingen måte alle. Denne sommaren skal eg i fire bryllaup, og då eg var i eitt av dei i går, St. Hans-aftan, var det ein av gjestene som fortalde at ho hadde sju bryllaup på lista over kva ho skulle gjere i sommar.

Sjølv har eg fire på mi list. Når det i tillegg er nokre runde dagar som skal feirast, vert det gode høve til festlege samkomer der ein møter gamle kjende og i tillegg får høve til å møte nye menneske, ettersom det som oftast bare er den eine sida av gjestene i eit bryllaup ein kjenner.

Samstundes som ein reflekterer over kva som skal til for å lage ein festkveld for eit brudepar, kan ein og få eit inntrykk av familien som no knyter kontakt med eins eigen familie. I mange høve opplever ein då at borna har funne seg ein partnar som fell godt inn i eigen familie, sjølv om foreldrene ikkje har vore innblanda i prosjektet i det heile. Slik sett kan ein oppfordre folk frå andre kulturar å late borna ordne dette sjølv, det vil som oftast gå godt, kanskje til og med betre enn om foreldre skulle forhandle over hovudet på borna om ektemake og medgift. Vi har av og til sett tragiske utslag av slikt i media.

Som lærar i norsk for utlendingar som har kome til Noreg snakkar vi av og til om kva som vil skje om ti til femten år fram i tida. Då er borna som no går i norsk barnehage eller på norsk skule komne så langt at dei vil leite etter ein å dele livet med. Samstundes har påvirkning frå det norske samfunnet i mange tilfelle endra dei slik at det som var naturleg for foreldrene, ikkje utan vidare er naturleg for borna. Dei vil på same måte som norske ungdomar sjølv velje kven dei vil gifte seg med. Ettersom ein innvandrarfamilie sjeldan har stor slekt her i landet, vil dei unge ikkje har så sterk familietilknytning som ungdomar der begge er etnisk norske. Likevel er ikkje eit ekteskap bare ei individuell sak. Sjølv om mange tykkjer eit bryllaup med hundre gjester er mykje, vil det i mange kulturar og her i landet vere vanleg å ha selskap med så mange gjester.

Det imponerer meg kor mykje arbeid som vert lagt ned i å gjere ein slik fest til noko spesielt. Kunstnarlege invitasjonar, bordkort, songar og bordtalar vert presenterte i ein slik samanheng. Så vil resultatet også ofte vere ein festkveld for to familiar med høve til å knytte nye kontaktar og skape nye nettverk.

Vi bør oppfordre unge til å halde bryllaup. Det er godt for dei sjølv og for unge og gamle i begge dei to familiane som vert knytte saman.

Utvikling i handel

Share

Samfunnet endrar seg. Om det hadde vore drift i Valle Radio denne veka, kunne eg ha invitert Hans Petter Andersen frå Joker-butikken i Valle til å fortelje om det som står på plakaten han sette opp på butikken i går: Søndagsope. Eg kunne og invitert Gunnar Brottveit på Valle Handel til å fortelje om nye gondolar og arbeidet for å få dei inn i butikken.

Etter det eg forstår vil Hans Petter halde sundagsope i sommar. Slik speglar han at samfunnet forandrar seg. Før var sundagen ein lukka dag i Noreg, handlinga måtte gjerast innan laurdag klokka 13. Men smått om senn har det endra seg på fleire måtar. Bensinstasjonane sel ikkje lenger bare bensin, dei tilbyr og kolonialvarer mange stader i tillegg til kjoskvarer til drift av førar. Spørsmålet om ein bensinstasjon skal ha ope ein sundag er ikkje omdiskutert, ein stad må vi då få tak i sundagsavisene, tenkjer mange.

Då Hans Petter overtok butikken, gjekk det ikkje så lenge før han forlenga opningstida i Valle til klokka 18. Det var meir i pakt med kva publikum ønskte, og handelen seint på ettermiddagen er sikkert like stor som elles på dagen, i alle fall om eg skal måle etter talet på bilar som står utanfor butikkane på den tida.

No opnar han butikken for søndagshandel.

I programmet eg hadde der Gunnar Brottveit på Valle Handel fortalde om den nye salat-disken, sa han og at det kjem så mange nye variantar av varer at det er eit problem å finne plass til alt. No har han gjort eit forsøk på å få plass til meir. Denne veka monterte dei to nye gondolar på Valle Handel. Dei måtte ta ut vindauga for å få inn dei svære innretningane, ein til frukt og ein til ost. Men inn kom dei, og med det fekk Valle Handel ei hylle meir til frukt og ein heilt anna situasjon for å presentere ost og meierivarer i butikken.

Ein skulle kanskje tru at handelen gjekk ned når folketalet gjekk ned. Satsinga til butikkane tyder ikkje på det. Men det kan og vere at vi tener betre, så vi har meir å handle for. Eg trur ikkje det nyttar å skru utviklinga attende til eit sundagsstengt samfunn. Sjølv om vi har alle innretningar heime for å sleppe å handle kvar dag: Kjøleskap, fryseboksar og anna som gjer at ein kan ta vare på det ein kjøper, så fungerer handel som eit sosialt tilbod publikum vil ha.

Sorgen og gleden de vandrer til hope

Share

Natta som gjekk var den lysaste natta i 2007. Eit noko overskya vêr gjorde vel sitt til at det ikkje vart opplevd slik i Valle ved nattetid, men kalenderen fortel at sola skal ha snudd og at dei lange lyse kveldane vil verte mørkare smått om senn.

Gleda over å ha fått sommarferie sitra i meg då eg køyrde sørover i dag. Men ettertanken slo meg då eg kom forbi Hylestad kyrkje, der det var gravferd. Olav J. Haugeland gjekk bort for nokre dagar sidan, og mange var møtt fram for å fylgje han til den siste kvile.

Det har slått meg i det siste at livet er kort og truleg burde eg prioritert sterkare kva eg skulle gjere. Slik er det vel for fleire av oss, vi let det daglege prioritere for oss. Som eg skreiv om i går, eg har prioritert å bruke ein del tid og innsats på Valle Radio. Eg veit at det er ein del folk som gleder seg over Valle Radio.

Då eg kom heim til Mandal, fekk eg ein telefon. Eg skal i bryllup laurdag, og då fekk eg vite at ein onkel til brura døydde i dag. Det var då tittelen på denne salma kom for meg. Thomas Kingo har fanga noko vesentleg i desse linjene. Vi har plate med salma i musikksamlinga i radioen, det er fleire som har sunge inn denne svært gamle teksten, mellom andre Odd Dubland på plata Dyp av nåde og Gunstein Draugedalen på plata Sorgen og gleden. Salma finst og på plata Salmer for Gud og hvermann, på Kirsten Reitans Salmer og på Kari Bremnes si plate Salmer på veien hjem.

Her er teksten:

Sorgen og gleden de vandrer til hope
lykke og ulykke ganger på rad.
Medgang og motgang hverandre tilrope,
solskinn og skyer de følges og ad.
Jorderiks gull
er prektig muld,
himlen er ene av salighet full.

Alle ting har sin foranderlig lykke,
alle kan finne en sorg i sin barm.
Ofte er bryst under dyrebart smykke
fulle av sorger og hemmelig harm.
Alle har sitt,
stort eller litt.
Himlen alene for sorgen er kvitt.

Velde og visdom og timelig ære,
styrke og ungdom i blomstrende år
høyt over andre kan hovedet bære,
faller dog av og i tiden forgår.
Alle ting må
enden oppnå.
Himmelens salighet ene skal stå.

Deiligste roser på tornebusk gløder,
skjønneste blomster har tærende gift.
Titt under rosenkinn hjertene bløder
for at dog skjebnen så selsomt er skift.
Ulykkers vann
bruser om strand.
Himlen alene er salighets land.

Vel da, så vil jeg ei gjøre meg møye
om ikke verden går etter min akt.
Ingen bekymring skal kunne meg bøye,
intet skal gjøre mitt hjerte forsagt.
Sorgen skal dø,
gledenes frø
blomstre på himle-lykksalighets ø.

Angest skal avle en varende glede,
kvide skal vinne sin tott ut av ten.
Armod skal prydes i rikeste klede,
svakhet skal reises på sunneste ben.
Avind skal stå
fengslet i vrå.
Himlen kan ene alt dette formå.

La da min lodd og min lykke kun falle
som det min Gud og min Herre han vil.
La ikkun avind utøse sin galle,
la også verden fulldrive sitt spill.
Tidenes bom
bliver dog tom,
himlen skal vende det alt sammen om.

Ferietankar

Share

I dag møtte eg Håvard Viki i sentrum. Vi hadde litt tid, begge to, så vi fann oss plass ved bordet utanfor Valle Handel og prata litt om laust og fast. Naturleg nok var det Valle Radio som stod i sentrum for samtalen, vi har begge eit sterkt engasjemnet for radioen.

-Slik situasjonen er for meg, er Valle Radio den oppgåva eg ser som meiningsfull for tida, sa eg

-Det er viktig at vi finn oppgåver som vi opplever som meiningsfylte, sa Håvard.

Eg var samd med han i det, og vi snakka saman om kor viktig det er at vi har radioen i bygda. Medan vi sat der, kom fleire kjende forbi og slo av ein prat. Det var ein solskinsdag i vid meining.

I kveld gjekk eg ned på campingplassen. Theis og Marit leigde hytte der etter at flyttelasset gjekk til Tveit. No var det tid for å ønskje dei god tur og lukke til. Theis fekk endeleg gåva frå Valle Radio med takk for innsats og inspirasjon.

Vi vart sitjande og prate om laust og fast frå åra vi har samarbeidd om Valle Radio. 10 år er ein milepel i eit liv, og vi rundar jo det når vi startar opp att til hausten. Det er litt av kvart å minnast, scootercross, innsamling til Sri Lanka, kreftaksjon, påskesendingane, turen til USA. I alle år har vi hatt gjestebok i radioen, det står mange namn der etter 10 år.

-Det var på eit møte i det som då heitte Setesdal Næringsfond at vi fekk inspirasjonen til å skipe Valle Radio, kunne Theis fortelje. Evje Radio søkte om pengar til eit prosjekt, og vi lufta om det kunne vere råd å få til ein radio for heile dalen. Etter kvart synte det seg at det ikkje var interesse for det, så vi fekk tre radioar. Det har vore interessant og meiningsfylt å halde på med dette, og eg vil gjerne ha ei sending til hausten og, sa Theis og tinga seg onsdag 31. oktober som dag han ville ha ansvar for sendinga att.

Ferie er også å ta seg tid til ein prat med vener og kjende. Du vert rikare av det.

Ressursar frå andre land

Share

I Valle bur det folk frå mange land. Nokre av dei går på Valle Vaksenopplæring og får norskundervisning. Eg har fått privilegiet å vere lærar her og ser framgang frå dag til dag.

I dag var det skuleavslutning og for Valle Vaksenopplæring. Då fekk vi sjå ei anna side av ressursane våre. Vi hadde laga eit opplegg der kvar tok med litt og noko vart laga på skulen.

Menyen vart lasagne, steikt ris, kokt ris, fisk i form med brieost, salat, rabarbrasuppe med is, ostekake og klippekrans. Det var alt for mykje sjølv for ein svolten mage. For ein mage som hadde hatt frukost som start på dagen måtte ein bare smake små bitar av kvar rett for å få plass til alt.

Ein strålande dag ute, like strålande inne. Takksame elevar som sjølv stelte til det vi skulle ha, vi bare venta, og plutseleg var det servert og vi kunne kose oss saman og prate om ferie og høvet vi no har til å sjå andre deler av landet eller andre land. Nokre såg fram til sommarjobb, andre tykte nok at det vart ein lang pause i eit arbeid for å lære seg norsk.

Eg har likt å ha med elevar i radio sjølv om dei ikkje kan så mykje norsk. Eg meiner det er viktig at radioen speglar av at Valle ikkje lenger er så homogen som for år tilbake. Kommunestyret har eit vedtak på at ein skal busetje inntil 40 flyktningar i kommunen. Nokre reiser, andre kjem. Det er viktig for oss som arbeider med å kvalifisere dei til å bu i det norsk samfunnet at vi tek på alvor dei ressursane vi får i bygda. I går skreiv eg om den nederlandske jenta som hadde fått seg jobb i turistinformasjonen nokre dagar og kunne snakke med nederlandske turistar på deira eige språk.

På ulike måtar bringer dei med seg ressursar som bygda kan gjere seg nytte av.

Vi bør og gjere vårt for å inkludere dei i det lokale fellesskapet. To oppgåver melder seg som det hadde vore godt å få nokon av lesarane til å hjelpe med:

1. Rabarbra. Mange av utlendingane kunne tenke seg å få rabarbra. Ettersom eg veit at det er mange som har rabarbra i hagen som dei ikkje nyttar, hadde det vore interessant om nokon ville melde frå at dei kunne gje bort rabarbra. Det var svært populært.

2. Kjøring. Ei av kvinnene har teke teoriprøva og skal snart til med kjøretimar på Evje. Om nokon kunne tenke seg å hjelpe henne med øvingskjøring, hadde det vore interessant. Gjerne på dagtid når borna er i sfo eller barnehage og mannen er på jobb. Ettersom han har to jobbar, er det vanskeleg for han å få høve til å øvingskjøre med kona. Vi har prøvd å finnen nokon til å hjelpe, men det har vore vanskeleg til no. Er det nokon som kan tenkje seg det, skal eg formidle kontakt. Send ein mail til meg.

Ressursar frå andre land gjer oss rikare og gjev nytt perspektiv på liv og tilhøve her i bygda.