140 tonn kalk på eitt år

Share

I 2007 skal VAFA kalke med 140 tonn kalk i ei rekke vatn. Du kan lese meir om det på
http://vafa.no/index.php?option=com_content&task=view&id=76&Itemid=2

Grunnen til dette er sur nedbør, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Sur_nedbør. Medan du er på wikipedia, kan du og klikke deg inn på Gøteborgprotokollen og sjå korleis dette er eit spørsmål om internasjonale avtalar. Slik vert situasjonen i Aust-Agder påverka av internasjonale avtalar.

Når ein går på nokre av lenkene til andre språk, ser ein at det ikkje er eit lokalt fenomen, men at problem med sur nedbør finst over heile verda. Det er utslepp frå industrien som gjer at vi får sur nedbør, og i nærområda til fabrikkar vert ofte skog øydelagd. Av den grunn har ein bygd høge skorsteinar, slik at utslepp til luft skal kome høgast råd, for så å bli ført med vinden bort frå området der utsleppet er. Likevel har ein i nokre område funne verdi på under 2,4 ph i regn, det er på nivå med eddik. Sjå http://asd-www.larc.nasa.gov/biomass_burn/glossary.html Acid rain

Det seier seg sjølv at fisk ikkje kan leve under slike tilhøve. Etter mi meining burde VAFA fått ein miljøpris av Valle kommune for 20 år med kalking av vatn på Setesdal austhei og Setesdal vesthei. Kvar dag når vi gleder oss over at vatnet som renn gjennom bygda kan drikkast og at fisk lever der, burde vi sende ein tanke til eldsjelene som har stått for eit omfattande arbeid med å få vatna tilbake til den status dei hadde før. At dei og har satsa på fagleg tyngde med ei rekke rapportar og solid informasjon om det dei held på med, er med på å gjere oss medvitne om kva som må til.

Eg er nok redd at det er få som har sett seg inn i dette stoffet. Kan hende skulle sommaren vere ei tid der ein ikkje bare nyt at det renn friskt vatn i bekkar og elver, men der ein og skaffar seg kunnskap om arbeidet som er gjort og som ligg framom.

I dette perspektivet vel eg å sjå prosjektet Gratis fiske. Om det kjem på beina, vil vi få ei sterk utviding av innsatsen både når det gjeld arbeid og pengar. Difor meiner eg at kommunen bør sikre seg at eldsjelene får høve til å realisere draumane sine, til beste for oss alle i ei vakker bygd med turistar og fastbuande i samspel med miljøet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *