Å få bukt med ørekyte

Share

I tillegg til å fiske med ruser med bollar og kveitebrød i, har VAFA stått for fiske med elektrisk fiskeapparat fleire stader i Otra. Ein har plukka ut ei rekke viktige gyte og oppvekstområde for aure i Valle og Bykle kommunar og prøvd å finne ut korleis tilhøvet er mellom aure og ørekyte. Som referanseplass brukte dei Homsåne. Det vart fanga mest ørekyte pr. arealeining ved Gryte (Harstadbassenget) og ved ein bekk på Sandnes (Flåne).

Dette er resultata for 2004 med tal for 2003 og 2002 i parentes:

Fanga ørekyter pr. 100 kvadratmeter:
Nordibø: ikkje fiska (51 og 501)
Gryte: 480 (1543 og 285)
Motellet: 130 ( 294 og 164)
Sandnes: 292 ( 98 og 37)
Hommsåne: 80 ( 155 og 25)
Bykil: 25 ( 13 og 3)
Kvernebekken: 38 ( 15 og 12)
Storetjønnbekk: 105 ( 0 og 67)
-«- os: 10 ( 2 og 2)

Dette syner at det varierer frå år til år på dei ulike lokalitetane, men Tom Arild Homme har samanlikna tala med kor mykje aure ein fekk ved denne metoden. Det syner seg då at i forhold til aure er det meir ørekyte no enn tidlegare. I sesongen har ein hatt fangst av ørekyte på over 2 kg per hektar alle stader med unntak av Bykil. Dette kallar han betydelege mengder. Han rår difor til at ein må satse vidare på dette, særleg lengst sør i området for å hindre at ørekyte spreier seg nedover i Otra-vassdraget.

Utløpet frå Brokke kraftverk er ein naturleg barriere for vidare spreiing, men ved driftstans i kraftverket kan denne bli borte. Det var i ein slik situasjon at ein innbyggjar på Rysstad såg det som truleg var ein liten stim av ørekyte i 2004.

Målet med å fiske opp mest muleg ørekyte er å få betre kvalitet på aurebestanden i Otra. Når det vert meir aure og han vert større, vil resultatet verte nådd. Men framleis er det turvande med ein innsats for å få bukt med ørekyte, skreiv Tom Arild Homme våren 2005 i rapporten etter aktivitetane i 2004.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *