Arkeologi i Hylestad

Share

Øyvind Jacob hadde med seg Leonhard Jansen i studio ved starten av sendinga onsdag. Leonhard kunne fortelje at det ikkje hadde vore særleg mange arkeologiske utgravingar i Setesdal. Men ein har funne spor etter menneskeleg aktivitet (pollen frå korn) på Breive tilbake til 2800 før Kristus. Sidan er det spor tilbake til folkevandringstida, om lag 200 til 400 år etter Kristus. Men det er først utover mot vikingtida at det er mange spor etter busetnad i Setesdal.

Han kunne og fortelje at ein kan ta prøver ved å stikke ei stang ned i ei myr og få opp jordprøver. Ettersom ein har tabellar for kor mykje ei myr veks, kan ein rekne ut alder på pollen som ein finn i slike lag.

Dei snakka og om utgravingane på Hovet og Bjørgum. Øyvind hadde vore bortom og snakka med folka som held på der. Leonhard fortalde om då dei skulle bygge huset i svingen på Hovet, då fann dei fleire ting. I området der er det både gravrøyser (steinfylte haugar) og gravhaugar (jordfylte).

Øyvind fortalte også at han skulle etablere eit boligfelt på sin eiendom, og at han måtte ha ein kontroll i høve til fornminne. Dei reflekterte litt over korleis det var for 25 år sidan då Leonhard var på utgraving. Då var det ingen satelittfoto, dei nytta luftfoto som dei sette knappenåler på for å marker kor dei grov.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *