Axel Kroghuset til Hovden

Share

Bjørnar Mørenskog på Hovden Fjellstoge har kjøpt Dorgheim, huset forfattaren Axel Krog (1892-1982) hadde litt sør for Langeid i Bygland. Fædrelandsvennen melder i dag at han skal restaurere bygningen og setje han opp på Hovden. Det er ein tømmerbygning, og dei eldste deler av den er truleg meir enn 300 år gammal. Huset i skogen har stått til nedfalls og har ein del skader. Men det inneheld to gamle stogekviler, to svært gamle skap og eit dobbelt langbord, fortel Johs. Bjørkeli i Fædrelandsvennen.

Han har funne ut at Bjørnar Mørenskog vil bruke det i samband med utviklinga av Hovden Fjellstoge. Bjørnar er ikkje redd for å gå nye vegar, det er han som har fått Egil Torin Næsheim til å teikne historiske motiv frå Bykle i ei stor teikning på Fjellstoga. Dette har Bjarne Tveiten late seg inspirere av til å skrive boka Underet i Breive, som kom ut til jol 2006. I samband med boka har pilgrimsprest Birte Løvåsen arbeidd for å få i gang att pilgrimsvandring frå Breive til Røldal, og fire turar sommaren 2007 er fullbooka.

Det var polarforskaren Sigurd Helle som selde huset til Bjørnar Mørenskog. Huset har vore til sals ei stund, men det vart altså Bjørnar som stakk av med det til slutt. Prisen var etter det Fædrelandsvennen fortel rundt 700.000 kroner. Det vert interessant å fylgje med på kva han skal gjere med huset.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *