Bryllaup

Share

Mange seier at dei unge ikkje giftar seg lenger, dei bare flytter saman. Det er sikkert noko rett i det, men det gjeld på ingen måte alle. Denne sommaren skal eg i fire bryllaup, og då eg var i eitt av dei i går, St. Hans-aftan, var det ein av gjestene som fortalde at ho hadde sju bryllaup på lista over kva ho skulle gjere i sommar.

Sjølv har eg fire på mi list. Når det i tillegg er nokre runde dagar som skal feirast, vert det gode høve til festlege samkomer der ein møter gamle kjende og i tillegg får høve til å møte nye menneske, ettersom det som oftast bare er den eine sida av gjestene i eit bryllaup ein kjenner.

Samstundes som ein reflekterer over kva som skal til for å lage ein festkveld for eit brudepar, kan ein og få eit inntrykk av familien som no knyter kontakt med eins eigen familie. I mange høve opplever ein då at borna har funne seg ein partnar som fell godt inn i eigen familie, sjølv om foreldrene ikkje har vore innblanda i prosjektet i det heile. Slik sett kan ein oppfordre folk frå andre kulturar å late borna ordne dette sjølv, det vil som oftast gå godt, kanskje til og med betre enn om foreldre skulle forhandle over hovudet på borna om ektemake og medgift. Vi har av og til sett tragiske utslag av slikt i media.

Som lærar i norsk for utlendingar som har kome til Noreg snakkar vi av og til om kva som vil skje om ti til femten år fram i tida. Då er borna som no går i norsk barnehage eller på norsk skule komne så langt at dei vil leite etter ein å dele livet med. Samstundes har påvirkning frå det norske samfunnet i mange tilfelle endra dei slik at det som var naturleg for foreldrene, ikkje utan vidare er naturleg for borna. Dei vil på same måte som norske ungdomar sjølv velje kven dei vil gifte seg med. Ettersom ein innvandrarfamilie sjeldan har stor slekt her i landet, vil dei unge ikkje har så sterk familietilknytning som ungdomar der begge er etnisk norske. Likevel er ikkje eit ekteskap bare ei individuell sak. Sjølv om mange tykkjer eit bryllaup med hundre gjester er mykje, vil det i mange kulturar og her i landet vere vanleg å ha selskap med så mange gjester.

Det imponerer meg kor mykje arbeid som vert lagt ned i å gjere ein slik fest til noko spesielt. Kunstnarlege invitasjonar, bordkort, songar og bordtalar vert presenterte i ein slik samanheng. Så vil resultatet også ofte vere ein festkveld for to familiar med høve til å knytte nye kontaktar og skape nye nettverk.

Vi bør oppfordre unge til å halde bryllaup. Det er godt for dei sjølv og for unge og gamle i begge dei to familiane som vert knytte saman.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *