Ferietankar

Share

I dag møtte eg Håvard Viki i sentrum. Vi hadde litt tid, begge to, så vi fann oss plass ved bordet utanfor Valle Handel og prata litt om laust og fast. Naturleg nok var det Valle Radio som stod i sentrum for samtalen, vi har begge eit sterkt engasjemnet for radioen.

-Slik situasjonen er for meg, er Valle Radio den oppgåva eg ser som meiningsfull for tida, sa eg

-Det er viktig at vi finn oppgåver som vi opplever som meiningsfylte, sa Håvard.

Eg var samd med han i det, og vi snakka saman om kor viktig det er at vi har radioen i bygda. Medan vi sat der, kom fleire kjende forbi og slo av ein prat. Det var ein solskinsdag i vid meining.

I kveld gjekk eg ned på campingplassen. Theis og Marit leigde hytte der etter at flyttelasset gjekk til Tveit. No var det tid for å ønskje dei god tur og lukke til. Theis fekk endeleg gåva frå Valle Radio med takk for innsats og inspirasjon.

Vi vart sitjande og prate om laust og fast frå åra vi har samarbeidd om Valle Radio. 10 år er ein milepel i eit liv, og vi rundar jo det når vi startar opp att til hausten. Det er litt av kvart å minnast, scootercross, innsamling til Sri Lanka, kreftaksjon, påskesendingane, turen til USA. I alle år har vi hatt gjestebok i radioen, det står mange namn der etter 10 år.

-Det var på eit møte i det som då heitte Setesdal Næringsfond at vi fekk inspirasjonen til å skipe Valle Radio, kunne Theis fortelje. Evje Radio søkte om pengar til eit prosjekt, og vi lufta om det kunne vere råd å få til ein radio for heile dalen. Etter kvart synte det seg at det ikkje var interesse for det, så vi fekk tre radioar. Det har vore interessant og meiningsfylt å halde på med dette, og eg vil gjerne ha ei sending til hausten og, sa Theis og tinga seg onsdag 31. oktober som dag han ville ha ansvar for sendinga att.

Ferie er også å ta seg tid til ein prat med vener og kjende. Du vert rikare av det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *