Fiskedød

Share

I serien Vatn i Valle har eg hatt fleire program om Otra. Grunnen til det er at eg opplever elva som noko av det mest sentrale i den tematikken. Ho renn i dalbotnen og samlar opp vatn frå nesten alle vatna både på austsida og vestsida av Setesdal. Otra er ei hovudnerve i bygda vår.

Når eg så les på VAFA sine heimesider om fiskedød på Rysstad, opplever eg det som alarmerande. Sjå
http://vafa.no/index.php?option=com_content&task=view&id=72&Itemid=1

Eg har snakka med Torjus, han vil kome i nyhetstimen onsdag og fortelje om hendinga. Torjus har og meldt hendinga til politiet.

Meldingane går ut på at fisken i Rysstadbassenget er stor og fin og utan parasittar i kjøtet, slik fisken er lenger oppe i elva. Eustrongylides finn ein helst i dei grunne områda av elva lenger oppe, der det er lite vatn og varmt vatn. Det er også der ørekyta kan finnast i stimar i terskelbasseng og vatn.

Til onsdag vil vi prøve å få meir kunnskap om det som har skjedd. Dersom det er nokon som les dette, som har tips og informasjon, bed eg om at de sender ein epost til meg. Vi høyrer om fiskedød i andre elver og vatn, men vi får håpe at det var eit eingongstilfelle i Otra denne gongen. Elva er for verdifull til å ikkje reagere når noko slikt hender.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *