Kyrkjelydsturen til Riskefjødd

Share

Laurdag 9. juni var det endeleg klart for kyrkjelydstur til Riskefjødd og onsdag 13. juni var Halvor Åmlid i Valle Radio for å fortelje. Han hadde fått spørsmål av Theis om å vere leiar for turen og hadde svara ja til det. Då turen vart planlagd, hadde dei trudd at den skulle kunna arrangerast før, men snø i fjellet gjorde det umogleg.

Riskefjødd ligg mellom Bykle og Valle og når opp mot 1200 meter, men målet for turen var ein støyl litt lågare. Etter tre timar og fleire pausar var dei framme ved støylen, som høyrer til Sygard Bø. Folk herifrå var og med på turen, det gav ei ekstra glede, meinte Halvor.

I veka før turen hadde han vore i terrenget tre gonger for å vere sikker på at han fann rette vegen og for å rydde der stien var tilgrodd. Tross alt var det mange år sidan han sjølv hadde vore der og. Med den tilgroinga det har vore, var ikkje landskapet slik som då han sprang i heia der som gutunge.

18 deltakarar fekk ein tur i flott ver. Vel framme etter ei god matøkt ville nokon fram på fjellet for å sjå til Hovet, andre fram ein litt annan stad for å sjå ned til Valle. Slik fekk dei prøve ulike ynskje. Og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *