Rådyr og elg

Share

Det er ikkje triveleg å ha rådyr i hagen. Dei finn solbærbuskar og kva anna godt ein kan nemne, i kjøkkenhagen er det nesten bare løk dei ikkje likar.

Fredag høyrde eg på Norgesglasset, det er eit triveleg program. Ein gjeng i Randaberg gjekk der bøndene skulle slå og leita opp kje, slik at dei ikkje skulle kome i rundballar eller silo. Når eit lite kje, kanskje bare eit til to kilo, ligg og trykkjer, er dett ikkje lett å sjå det for den som kjører traktor og har det travelt i slåtten. Men denne gjengen med naturvernarar gjekk fyrst gjennom enga og såg etter liggegroper. Om dei fann ein kalv som låg og trykte, sette dei opp stokkar rundt han, slik at traktoren ikkje skulle ta knekken på kalven. Dei fortalde og at mora kunne vere opp til ein kilometer frå kalven og bare kom dit han låg når han skulle die. Ettersom kalven luktar lite, finn ikkje reven han når mora er ein heilt annan stad.

Vel heime i Mandal kunne eg så sjå ei geit og to kalvar på jordet utanfor kjøkkenvinduet. Dei har overlevd slåtten og gjekk på nyslått mark, to små kje som hoppa rundt mora og koste seg. Sjølv om ein mange gonger er ilter over rådyr som kjem i hagen om natta, er eit slikt syn noko eg set pris på. Å leve så tett på naturen er interessant sjølv for ein stovegris og datafreak som meg.

Turistar betalar 100.000 for at Olav Neset på Neset Camping skal syne dei elg. Elgsafari har vore eit tilbod fleire plassar, eg er litt usikker på om det er nokon som driv med det i Valle og Bykle no. I Mandal er elgen omtrent blitt borte i løpet av dei siste åra. Utbygging reduserer det naturlege området som han hadde tidlegare. Men rådyra held ut, til glede for ein som kikkar ut vinduet ein tidleg morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *