Ressursar frå andre land

Share

I Valle bur det folk frå mange land. Nokre av dei går på Valle Vaksenopplæring og får norskundervisning. Eg har fått privilegiet å vere lærar her og ser framgang frå dag til dag.

I dag var det skuleavslutning og for Valle Vaksenopplæring. Då fekk vi sjå ei anna side av ressursane våre. Vi hadde laga eit opplegg der kvar tok med litt og noko vart laga på skulen.

Menyen vart lasagne, steikt ris, kokt ris, fisk i form med brieost, salat, rabarbrasuppe med is, ostekake og klippekrans. Det var alt for mykje sjølv for ein svolten mage. For ein mage som hadde hatt frukost som start på dagen måtte ein bare smake små bitar av kvar rett for å få plass til alt.

Ein strålande dag ute, like strålande inne. Takksame elevar som sjølv stelte til det vi skulle ha, vi bare venta, og plutseleg var det servert og vi kunne kose oss saman og prate om ferie og høvet vi no har til å sjå andre deler av landet eller andre land. Nokre såg fram til sommarjobb, andre tykte nok at det vart ein lang pause i eit arbeid for å lære seg norsk.

Eg har likt å ha med elevar i radio sjølv om dei ikkje kan så mykje norsk. Eg meiner det er viktig at radioen speglar av at Valle ikkje lenger er så homogen som for år tilbake. Kommunestyret har eit vedtak på at ein skal busetje inntil 40 flyktningar i kommunen. Nokre reiser, andre kjem. Det er viktig for oss som arbeider med å kvalifisere dei til å bu i det norsk samfunnet at vi tek på alvor dei ressursane vi får i bygda. I går skreiv eg om den nederlandske jenta som hadde fått seg jobb i turistinformasjonen nokre dagar og kunne snakke med nederlandske turistar på deira eige språk.

På ulike måtar bringer dei med seg ressursar som bygda kan gjere seg nytte av.

Vi bør og gjere vårt for å inkludere dei i det lokale fellesskapet. To oppgåver melder seg som det hadde vore godt å få nokon av lesarane til å hjelpe med:

1. Rabarbra. Mange av utlendingane kunne tenke seg å få rabarbra. Ettersom eg veit at det er mange som har rabarbra i hagen som dei ikkje nyttar, hadde det vore interessant om nokon ville melde frå at dei kunne gje bort rabarbra. Det var svært populært.

2. Kjøring. Ei av kvinnene har teke teoriprøva og skal snart til med kjøretimar på Evje. Om nokon kunne tenke seg å hjelpe henne med øvingskjøring, hadde det vore interessant. Gjerne på dagtid når borna er i sfo eller barnehage og mannen er på jobb. Ettersom han har to jobbar, er det vanskeleg for han å få høve til å øvingskjøre med kona. Vi har prøvd å finnen nokon til å hjelpe, men det har vore vanskeleg til no. Er det nokon som kan tenkje seg det, skal eg formidle kontakt. Send ein mail til meg.

Ressursar frå andre land gjer oss rikare og gjev nytt perspektiv på liv og tilhøve her i bygda.

Ein tanke om “Ressursar frå andre land”

  1. De er så flinke! Skikkeleg kjekke og gilde elevar. Eg har vore innom så ofte. Der er alltid ei fin og harmonisk, tillitsfull tone.
    Elevane er flinke og lærevillige. Og avslutninga, der dei kom med sitt, eller de laga sumt på skulen, vitnar om eit fruktbart og godt samarbeid. Det er slik ein skal drive integrering mellom menneske av ulik bakgrunn i eit nytt land. Vi treng desse her!
    Ha ein fin sommar, i feriejobb, fri, på reis!
    Velkomne att til nytt, godt, lærerikt, utfordrande skuleår!
    Hei og hå
    Ånund K

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *