Siste veka våren 2007

Share

Her er programmet for tysdag og onsdag:

**Tysdag 12. juni **

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Vatn i Valle. Torleif B. Harstad fortel om Gryte
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Bjarne Sløgedal 80 år
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 13. juni**

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar:Gudrun Rysstad
Telefonansvarleg: Ingebjørg Ellinor Rysstad

18:00 Aktuell time
*Torjus Uppstad om daud fisk
*Karin Bøe om Valleutstillinga
*Knut Kjetilson Jore om Ungdommens kulturmønstring i Trondheim
*Halvor Åmlid om kyrkjelydsturen til Riskefjødd
19:00 Kommunen informerer ved Ingvar Nes
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Ånund K. og Harald H. presenterer norske songar
21:00 Open sending. Gunvor Salvesen og Monica Helle om Reiselyst i samtale med Harald Haugland

I tillegg sende eg dette til Setesdølen:

**Valle radio tek sommarferie**

Med sendingane denne veka tek Valle radio sommarferie. Radioen fylgjer skulen si rute, men har altså fullt program også denne veka. Tysdag klokka 20 kjem Torleif B. Harstad for å fortelje om Gryte, elva med kvernhusa på Harstad. Det er eit program i serien Vatn i Valle, som Harald Haugland har hatt dei siste vekene. 20:30 kjem Niklos K. Besteland og vil presentere orgelmusikk av Bjarne Sløgedal, som fyller 80 år onsdag.

Onsdag får Harald med seg Ånund K. Homme for å lage eit program med dei klassiske norske songane. I vår tid er det mest engelsk musikk i eteren, men i timen frå klokka 20 til 21 har du høve til å lytte til kjende norske songar for kor og solosong. I nyhetstimen er det enno ikkje klart kva som vert tema når dette vert skrive. Det er imidlertid klart at Torjus Uppstad kjem i studio for å snakke om fiskedøden i Otra i sist veke, då ein fann 100 døde fiskar i elva ved Rysstad.

Harald Haugland, som har ansvaret for begge kveldane i radioen denne siste veka, vart vald til leiar av styret for Valle radio etter Theis Salvesen på årsmøtet i vår. Med seg i styret har han Ørnulf Hasla som nestleiar, Inga Flateland som sekretær, Helge Homme som kasserar og Jørund Georg Jore som teknisk sjef for radioen. Styret arbeider no med planer for å markere at til hausten er det 10 år sidan Valle radio starta sendingane. Etter sommarferien er ein tilbake med sendingar når skulen tek til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *