Skuleavslutning og sommarsesong

Share

I kveld er det skuleavslutning for elevane i 10. klasse på Valle skule. No skal dei vidare på skule, mange vil til Hornnes frå hausten av. Fleire av desse elevane har vore med på ulike oppgåver i Valle Radio. Eg vil difor ynskje dei lukke til i det vidare og vone at dei finn det gama å tenkje tilbake på tida dei brukte i radioen.

Tankane går særleg til Gunvor Kjelleberg og Thor Salvesen som var svært aktive med å ha barneprogram tidlegare. Etter kvart som det synte seg at talet gjekk ned på ungar som ringde inn på spørsmåla, slutta vi med slike program. Om vi trong hjelp til telefonvakter, stilte dei gjerne opp, seinast i vår har både Gunvor og Thor vore med i kulissane til Open sending.

Frå hausten av endrar det seg. Når dei er på Hornnes blir det for langt å få dei heim for å hjelpe oss midt i veka.

Dei som sluttar i 10. klasse, går no til ulike sommarjobbar. Mange av dei har nok prøvd seg på ulike jobbar tidlegare, men når dei er ferdige med 10. klasse er det nok meir naturleg å leite etter sommarjobbar. Kommunen engasjerer ein del av dei unge til å stelle grøntanlegg og anna arbeid som det er naturleg å få gjort om sommaren. Ei av dei nederlandske ungdommane som kom til Valle i vinter, har blitt engasjert til å vere med i turistinformasjonen, ho snakkar jo nederlandsk flytande og med så mange nederlandske turistar her er det ein viktig kompetanse å ha.

Med skuleferie opnar Valleutstillinga. Eg har skrive om den før her på bloggen. Det ser ut til å vere rekordmange utstillarar, og Karin Bøe, som er leiar av prosjektet med å få alt til å fungere på Tveitetunet, seier seg godt nøgd med oppslag i fleire aviser. Her er lenke til heimesida for utstillinga:
http://setesdal.com/index.php?m=produkt&m_action=vis_prod&id=73&parent=10&spraakSet=no&type=3

Skuleavslutning er det for alle andre og denne veka. Vaksenopplæringa tek ferie til 20. august på same måte som andre skular. Nå vil vi nytte høvet til å lade batteria og gjere klart til neste skuleår.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *