Sorgen og gleden 2

Share

Som eg skreiv for nokre dagar sidan: **Sorgen og gleden de vandre til hope.** Sist laurdag var eg i bryllaup, i går var det tid for gravferd. Sjølv om vi ikkje var så nære vener, valde vi å dra til Flekkefjord og fylgje bror til svogeren min til grava.

Det slo meg at lektoren på Flekkefjord videregåande skule hadde vakse saman med byen etter 34 år på skulen der. Familien hadde tenkt å vere der ei kort tid, men slik vart det ikkje. Dei slo rot i byen og fann seg til rette der, ikkje minst fordi dei hadde funne mange aktivitetar som dei hadde blitt med i. Å høyre vener fortelje om engasjement og glede i liv og fellesskap var triveleg og godt å få med seg.

Å høyre familien fortelje om realismen i møte med kreft, var ikkje mindre interessant. Som biolog hadde han sett seg godt inn i det som skjedde, og då det etter kvart synte seg å vere uråd å stoppe sjukdomen, hadde han lagt til rette både på skulen og elles for å gjere seg ferdig med livsverket. Helst ville han at kyrkjelyden skulle syngje Å hvor salig å få vandre medan kista vart ført ut av kyrkja, men det enda med at vi song den før kista vart boren ut. Han gledde seg til å få heimlov, sjølv om han så gjerne ville fått opplevd barnebarns vekst og møte med livet.

Rektor ved skulen, som hadde arbeidd saman med han i alle dei 34 åra som kollega og sidan som leiar, fortalde at dei hadde skjøna kva veg det gjekk til jol, og difor markert slutten på yrkeskarrieren ved joleavslutninga. Likevel heldt han ut til skuleåret var slutt, kollegaene hadde fått melding om dødsfallet siste skuledagen. Så var og kyrkja midt i Flekkefjord sentrum nesten heilt fullsett i gravferda.

I minnesamværet vart biletet av ein inspirerande lærar fargelagd av fleire. Mest imponerande var det å høyre borna, som alle valde å trekke fram eit lite minne frå pappa og dele med oss andre. Det var glede og takk som prega biletet dei teikna der i Ungdomshallen, huset til KFUK/KFUM i Flekkefjord, som hadde vore ramme om mykje av livet til familien.

Å, hvor salig å få vandre
hjemad ved vår Faders hånd.
Snart er slutt vår ørkenvandring,
vi går inn i Kanaans land.
Herlig sangen der skal bruse,
sterk som lyden av en mektig flod.
Ære være Gud og Lammet
som oss kjøpte med sitt blod.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *