Stev i UKM-finalen i Trondheim og andre stader

Share

**Knut Kjetilson Jore** var deltakar i Ungdommens Kulturmønstring i Trondheim. Det var tre dagar med finale i går kveld. Eg veit ikkje om han kom forbi innleiande rundar i Trondheim, det står ikkje noko på sidene om det. Men det er eit intervju og bilete av han på
http://www.ukm.no/magasin/2007/intervjuer.php?mid=87&mer=S19.02.2007-19:50:55-0940

Det ser ut til at han fekk hikke under framføringa. Men han er jo bare 13 år og har mange høve til å framføre stev utan hikke seinare.

Stev er i det heile ei levande kunstform med svært lang tradisjon. Knut framførte stev i Trondheim, rundt påske kom det ut ei stevbok med 366 stev, Stev for dagen, av Kirsten Bråten Berg, Astrid Rysstad og Kari Rolfsen. Den er kjekk å gripe til både for å få eit stev av Kirsten og for å lese eit sjølv. Her er det som folkemusikk.no seier om boka:
http://www.folkemusikk.no/index.php?option=com_content&task=view&id=955&Itemid=75

Agder Folkemusikkarkiv på Rysstad har hatt eit prosjekt med å skrive av stev frå gamle opptak og leggje dei ut på Internett. Her finn du dei: http://www.folkemusikkarkivet.net/agder/ Eit av dei eg fann der då eg søkte på heitt, var dette:

Å liksom soli o heitt kan blenkje,
så heitt kan jenta på guten tenkje.
Å liksom snjovatnet renn av rist,
ja så græt o au itt o hev an mist.

Ta deg ein tur på Folkemusikkarkivet, då kan du lage di eiga Stev-for-dagen-bok. Om du søkjer på sol, finn du nokre av dei vakraste steva, i alle fall på ein flott junidag.

Og sjølv om det er juni og varmt i veret, kan du leite fram Jol i Setesdal og kose deg med steva i annonsane der. Dei gjer bladet makelaust.

Ha ein fin sundag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *