Sykkelvegar og syklistar

Share

I reklamen til Uppstad Transport og Anlegg, UTA, på Valle radio heiter det

På Rysstad, der kan du sykle trygt,
for sykkelvegar, det har me bygd.

I Setesdølen for fredag 15. juni hadde Per Kristiansen eitt innlegg og peika på at det ikkje er trygt i botnen av Brokkebakken, når barn og unge skal krysse vegen der. Skulda for det har ikkje UTA, som har bygd sykkelvegen, men Vegvesenet, som ikkje laga undergang under bakken, slik dei gjorde nord om skulen.

Siste onsdagssendinga før ferien var det premiar til alle som kom inn i studio under Open sending. Premien var ein refleksvest med Valle Radio-logo. Det gjev meg inspirasjon til å reflektere litt over temaet **sjå og bli sett**, særleg etter å ha køyrt frå Valle fredag middag på veg nedover dalen.

Sør for skulen møtte eg ein heil klasse på veg heimover etter sykkeltur. Dei hadde alle på seg refleksvestar med Valle kommune sitt merke på. Godt synlege anten dei kom ein og ein eller i ei større gruppe.

Men sykling er blitt populært, det er ikkje bare ein laurdag i mai at folk syklar oppover dalen. Den siste tida har det vorte mange som syklar, og slik var det i går også. Eg talde ikkje, men utanom skuleklassen møtte eg sikkert 20 syklistar, dei fleste oppover dalen, men det var og nokre eg måtte køyre forbi, dei var på veg nedover.

Det undra meg at bare eit par av dei hadde ordentleg refleksvest eller gul og godt synleg sykkeldrakt. For det er utruleg kor mykje meir synleg ein blir med ein slik vest på seg. Særleg, tenkte eg i ettertankens refleksjon i høve til at det no er påbod om å ha gul refleksvest i alle bilar, slik at om ein får motorstopp eller må ut av bilen når ein er i trafikken, så skal ein ta på seg vesten. Den som ikkje har refleksvest i bilen, kan få bot.

Men refleksvest når ein syklar, det er ikkje påbode. Syklisten er ein mjuk trafikant. Å sykle i mørke treningsklede på strekningar utan sykkelveg er å leike med livet.

Slik sat eg og tenkte i hundre kilometer frå Valle til Hægeland. Då svinga eg av frå Setesdalsvegen og køyrde 15 kilometer til Bjelland før eg tok siste etappe til Mandal i det dalføret. Der var det og eit par syklistar utan refleksvest. Det aller meste av den strekninga er og utan eigne sykkelvegar.

Ta på deg refleksvest når du syklar, både når du syklar på sykkelveg og i alle fall når du syklar på bilveg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *