Utvikling i handel

Share

Samfunnet endrar seg. Om det hadde vore drift i Valle Radio denne veka, kunne eg ha invitert Hans Petter Andersen frå Joker-butikken i Valle til å fortelje om det som står på plakaten han sette opp på butikken i går: Søndagsope. Eg kunne og invitert Gunnar Brottveit på Valle Handel til å fortelje om nye gondolar og arbeidet for å få dei inn i butikken.

Etter det eg forstår vil Hans Petter halde sundagsope i sommar. Slik speglar han at samfunnet forandrar seg. Før var sundagen ein lukka dag i Noreg, handlinga måtte gjerast innan laurdag klokka 13. Men smått om senn har det endra seg på fleire måtar. Bensinstasjonane sel ikkje lenger bare bensin, dei tilbyr og kolonialvarer mange stader i tillegg til kjoskvarer til drift av førar. Spørsmålet om ein bensinstasjon skal ha ope ein sundag er ikkje omdiskutert, ein stad må vi då få tak i sundagsavisene, tenkjer mange.

Då Hans Petter overtok butikken, gjekk det ikkje så lenge før han forlenga opningstida i Valle til klokka 18. Det var meir i pakt med kva publikum ønskte, og handelen seint på ettermiddagen er sikkert like stor som elles på dagen, i alle fall om eg skal måle etter talet på bilar som står utanfor butikkane på den tida.

No opnar han butikken for søndagshandel.

I programmet eg hadde der Gunnar Brottveit på Valle Handel fortalde om den nye salat-disken, sa han og at det kjem så mange nye variantar av varer at det er eit problem å finne plass til alt. No har han gjort eit forsøk på å få plass til meir. Denne veka monterte dei to nye gondolar på Valle Handel. Dei måtte ta ut vindauga for å få inn dei svære innretningane, ein til frukt og ein til ost. Men inn kom dei, og med det fekk Valle Handel ei hylle meir til frukt og ein heilt anna situasjon for å presentere ost og meierivarer i butikken.

Ein skulle kanskje tru at handelen gjekk ned når folketalet gjekk ned. Satsinga til butikkane tyder ikkje på det. Men det kan og vere at vi tener betre, så vi har meir å handle for. Eg trur ikkje det nyttar å skru utviklinga attende til eit sundagsstengt samfunn. Sjølv om vi har alle innretningar heime for å sleppe å handle kvar dag: Kjøleskap, fryseboksar og anna som gjer at ein kan ta vare på det ein kjøper, så fungerer handel som eit sosialt tilbod publikum vil ha.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *