Valleutstillinga 2007

Share

I nyhetstimen i kveld var Karin Bøe, som er leiar i Valleutstillinga, og fortalde om programmet for sommaren. Valleutstillinga på Tveitetunet har 20 års jubileum i år og har lagt opp eit flott program.

Gjesteutstillar er May Lis Flateland, som stiller med rosemåla ting, både store og små.

Elles er det ei rekke utstillarar, både innan vev, toving, silkemaling, måleri, litografi, trearbeid, munnharper, keramikk, nåleputer, knivar og sylv. I denne posten fører det for langt å ta med namn på alle utstillarane.

Utstillinga opnar sundag 24. juni klokka 14. Då vert det stevtonar og gitar ved Helga Jacobsen og Trym Bjønnes. Vidare dansar Birgit Anette og Tor Espen Helle Setesdalsgangar til felepel av Knut Arne Rysstad. Utstillinga vert formelt opna av fylkeskultursjef i Aust-Agder, Per Nordstrøm.

Sundag 1. juli klokka 15 vert det friluftsgudsteneste på Tveitetunet. Tysdag 3. juli er det barna sin dag.
Sundag 15. juli er det stakkesetting.
Sundag 22. juli er det handverksdagar.
Sundag 29. juli kåserer Hallgrim Berg klokka 14.
Sundag 5. august er det Tveitetunstemne klokka 14 til 17.
Sundag 12. august er siste dagen for utstillinga.

Inngongspris er 20 kroner. Sal av vaflar og kaffe. Fredag og laurdag er det baking av flatbraud og lefse.

Valle Radio ønskjer Karin Bøe og dei 33 andre utstillarane lukke til og vonar det blir plass til alle i det rekordstore feltet av handverkarar som er med på utstillinga i år. Alle må vere med som vakt eit par dagar i løpet av sommaren, men som leiar blir det nok ein del ekstra på Karin for å få det heile til å fungere.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *