Vel blåst, Øyvind

Share

Etter ei maratonsending onsdagskvelden med tema **Historie** tenkjer eg at Øyvind Jacob er nøgd og letta over at det er over. Mest imponert er eg over kor elegant han løyste problemet som oppstod då Per Kristiansen frå Valle kommune Kulturdrift ikkje dukka opp til Kommunen informerer. Då sa Øyvind og Leonhard Jansen,som var med han i studio heile kvelden at vi ordnar det. På strak arm snakka dei så om utstillinga på Setesdalsmuseet og relevante spørsmål rundt kultur i Valle og Bykle. Leonhard er med i ei nemnd som samlar inn stoff til eit jubileumsskrift for Fjellgardane kyrkje. No nytta han høvet til å etterlyse bilete.

Eg møtte Per i går og lurte på kvifor han ikkje dukka opp. Plutseleg fall klaffen ned i hovudet på han: Der skulle eg ha vore. Den avtalen hadde falt heilt ut.

Mellom klokka 20 og 21 snakka Øyvind og Leonhard om gener og genforskning. Han starta med Egypt song av Elvira Nikolaisen, sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Elvira_Nikolaisen

Så fortalde han om prosjektet som National Geographic Society gjennomfører, sjå
https://www3.nationalgeographic.com/genographic
om mennesket si reise frå Afrika og ut over heile verda. Det vart ein svært interessant time om eit stort emne, aktuelt fordi Øyvind sjølv hadde sendt inn genprøve for å bli med i den store undersøkinga.

Han var jo litt spent på korleis Open sending ville gå. Det var ikkje akkurat telefonstorm, men 28 telefonar gjorde at det var nye folk å snakke med på alle rebusane og spørsmåla som han la ut. Premiane gjekk til

Torjus Homme, Krus
Anne Lise Harstad, Ryggsekk
Lisbeth D. Homme, Rose, som ho gav til Tora Lund

Ann Christin Jacob, 5 boksar fiskebollar, gåve frå Gyro K. Homme
Ørnulf Hasla, vinopnarsett

Eg gløymde å notere kven som fekk premiane og har truleg gløymt ein. Om eg får beskjed, skal eg skrive det inn seinare.

Vel blåst og takk for ein hyggeleg radiokveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *