Spangereidkanalen

Share

Vil du vere med på dronning Sonja si 70-årsfeiring, kan det vere lurt å ta turen til Spangereid torsdag 5. juli, for då skal ho opne Spangereidkanalen, sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Spangereidkanalen

Men eg trur du må dra dit tidleg, opninga skal vere klokka 11, og sjølv om det er god plass ved kanalen, vert det nok ganske mykje folk der. Men er du der i åttetida om morgonen, skulle du truleg få god plass. Om vermeldinga held stikk, vil du få nokre våte timar, men kva gjer det, du er med på ei historisk hending.

Vi tok turen dit i dag, det var ei oppleving, omtrent som å sitje i Valle sentrum ein dag når bilar cruisar forbi med opne vindaugo og nyt sol og folkeliv. Eg sat på kanten til kanalen ein god time, eg angrar på at eg ikkje talde båtane, for det var mange. Frå vestsida og frå austsida putra dei gjennom kanalen som gjer at båtar ikkje treng å gå rundt Lindesnes for å kome til andre sida.

Eg var ikkje aleine. Ei rekke europeiske tungemål kunne høyrast i Spangereid denne dagen. Då vi ville få oss middag på Spangereid gjestehus, måtte vi nesten stå i kø for å få bord, og bensinstasjon og Sparbutikk hadde stor omsetning.

Ordførar Ivar Lindal, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Ivar_Lindal har stått på for å få gjennomført prosjektet for å få auka aktivitet i kommunen. Om det held fram slik det har vore sidan gjennombrotet skjedde for eit par veker sidan, er det ikkje bare Lindesnes fyr som er trekkplaster for å få folk til å stoppe i kommunen. Som eg sa, eg sat ein time på kanalkanten, eg handla og åt og la att nokre kroner. Eg trur kanalen, som har kosta 25 millionar, ikkje vil bruke mange år på inntening om ein reknar totaløkonomi, det vil seie at folk som elles ikkje ville kome til kommunen, kjem dit, stoppar og legg att pengar. Slik sett trur eg at ei dristig satsing har vore lønsam for dei som står for dette.

Torsdag 5. juli er altså dagen. Då kjem 30 kongelege til Lindesnes kommune for å vere med når Dronning Sonja opnar kanalen. Og etter det vert det fest heilt fram til helga. Fredag skal Ansgar Gabrielsen og eit par andre symje gjennom kanalen, han lova det det i ei overmodig stund at om det lukkast å få etablert ein kanal her, skulle han symje gjennom den. 900 meter er det visst. Truleg ikkje like stort trekkplaster som 30 kongelege på 70-årsfeiring, men det manglar ikkje mykje. Har du båt, kan du melde deg på kortesje som skal gå gjennom kanalen like etter at Dronning Sonja har opna han. Eller du kan ta turen når festivitasen har stilna og nyte flott ingeniørkunst og Sørlandet på sitt beste.

Sommar på bloggen

Share

Så skriv vi juli og det er sommar både i kalenderen og på bloggen. Ettersom det ikkje er sendingar i Valle Radio lenger, er det ikkje lett å skrive ein blogg med utgangspunkt i sendingane. Difor har eg vald å endre fokus litt i sommar. Eg vil halde fram med å skrive, men sjå litt på aktuelle ting eg møter. Mykje vil vere relatert til wikipedia, eg held fram å skrive der, og kan bruke ting eg kjem over der som inspirasjon til blogging. Men eg vil og skrive om sommarliv i generell forstand.

De som les bloggen min, veit at eg har hatt eit mål om å skrive eit innlegg kvar dag. Enno har eg ikkje klart det, og heller ikkje i juni lukkast det. Då eg skulle skrive på bloggen fredag kveld etter ein lang dag borte frå PC-en min, var serveren nede til rutinemessig vedlikehold som dei kallar det. Dermed måtte eg bare gje opp, så heller ikkje i juni lukkast å få dekt alle dagane på bloggen. Så får eg prøve i juli då.

Det har vore ein god månad når eg ser på statistikken. I juni hadde eg 4277 besøk på bloggen, dei las på 12473 sider. Høgaste besøkstal ein dag var 663 23. juni, den dagen vart det vist 3654 sider. No trur ikkje eg at det er halvparten av innbyggjarane i Valle som har vore innom denne dagen. Det var nok heller ein søkemotor som gledde meg med besøket sitt.

Eg har no 18 personar som abonnerer på bloggen. Dei har skrive epostadressa si i feltet til venstre på sida og får difor tilsendt epost kvar gong eg har skrive noko. Om du synest det er interessant å lese og veit nokon som kanskje vil ha glede av stoffet, kan du tipse om det og om høvet til å abonnere. Når det kjem ei lenke i epostkassa di, fell det truleg lettare å gå innom og sjå kva eg har skrive.

Som eg sa, i sommar vil emna vere noko meir generelle. Eg vil framleis skrive om tema som er relatert til Valle Radio og sendingane våre, men eg vil og utvide horisonten litt. Vonar du finn det triveleg å lese det eg skriv og i sommar.