60 år igjen

Share

4. juni skreiv eg eit stykke her på bloggen med tittelen 60 år. No er det tid for ein ny runde. Denne gongen er det ikkje Torleif B. Harstad, men mi eiga feiring av milepelen. Eg skreiv jo då at borna våre planla noko midt mellom dagane til meg og Reidun, og no var vi komne så langt.

Vi hadde planlagt fest i hagen på Eskeland, men veret den siste tida sette stoppar for det. Sist laurdag hadde vi Eskelandsfest, då vart vi og tvinga inn. Men den kvelden var vi bare 14, så då var det plass på låven. Denne gongen måtte vi til grendehuset, den gamle skulen her i bygda. Borna hadde tinga den som reservestad, og med 14 grader ute og regn frå morgonen var det bare å sjå i augo at hagefest var for risikabelt.

Born og svigerborn stilte opp og ordna det som var naudsynleg for å få til ein fest. Etter dei oversiktene Margunn heldt, skulle vi bli pluss minus 56, og det vart vi og. Svigerson Lars stod for gryteretten curry, og mange gode hjelparar stod for kaker, og snart stod volumet på praten i taket. Folk frå Setesdal (Valle Radio var representert ved Torleif B. Harstad og Bjørgulv T. Berg – det får vere det radiorelaterte i kveld) kosa seg saman med slekt og vener frå Mandal og Rogaland og tida rann og alli snåva like mykje den kvelden som ho elles gjer. Med start klokka 15 og høve til å gå når ein følte for det.

Ettersom det var Frankrikes nasjonaldag i dag, framførte Jorunn og Ole Th. eit vers til Marseillesemelodien før dei sette kursen mot Lyngdal. Eg tek det med, så kan du få del i det, du og, ettersom framføringa kom då dei fleste var gått og bare den harde kjernen framleis heldt ut:

Vi feirer 60 år for to i dag
så det blir hundre og tjue år.
For Reidun fylt år en gang i mai
og Harald følger hakk i hæl.
De samlet hele slekta og vel så det
og se, regnet hølja ned.
Ingen fest i hagen det ble,
men skolestua ble god erstatning.
Her var mat og kaker i fleng
og drøset gikk som bare det.
Vi klarte ikke henge med.
Men takk for hygg’lig dag
at vi fikk vær» i lag.
Vi nå
skal gå
og reise hjem
om to uker ses vi igjen.

Det verkar som om svært mange i vår familie har satsa på å ha fest i år. Fire bryllup, minst fire bursdagar er status for mitt vedkomande.

Takk til alle gode vener for ein triveleg dag. Takk til born og svigerborn for ein triveleg fest. Takk til deg som les på bloggen for at du les dette noko meir personlege innlegget, i morgon skal eg tilbake til meir allmenne saker att.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *