Besøk

Share

Kven les på bloggen? Det er eit spørsmål eg har stilt meg sjølv mange gonger den siste tida, for lesartalet har gått opp ganske mykje. Eg får ein oversikt over kor mange sidevisningar det har vore siste døger, men ingen informasjon om kven som les eller kor dei er frå. I går var det 410 besøk, det er jo ganske mykje.

Men i dag fekk eg ein telefon frå ein gamal ven frå Nord-Noreg som eg ikkje har hatt særleg kontakt med sidan vi flytta til Valle i 1991. Dei flytta før oss til Molde, og til Molde er det sjeldan vi reiser. Då vi var på ferietur nedover Vestlandet for nokre år sidan og kom innom Molde, var dei ikkje heime, så det har vore smått med kontakten.

Stor var då gleda då telefonen ringde i dag og dei kunne fortelje at dei var på Sørlandstur i år og hadde ein avtale i Søgne, men at dei ville stikke innom hos oss. Ei tid etter svinga dei inn på tunet i bubilen sin og vi kunne friske opp kva som hadde skjedd dei siste 20 åra. Då fortalde han at han las på bloggen til Valle Radio for å halde seg oppdatert på kva eg held på med. Det hadde eg jo ikkje hatt tanke om i det heile, så eg vart jo litt overraska.

Eg måtte då fortelje at Valle Radio er eit tiltak som engasjerer meg mykje og som eg er glad for, og han fortalde kva han var oppteken med. Konene våre fann kvarandre i felles syn om at vi bruker for mykje tid på Internett, og vi snakka om laust og fast, timen gjekk bare så alt for fort. Snart var dei på vegen att, vi hadde fått friska opp att gode relasjonar frå 20 år tilbake minst, og sundagen i juli hadde ennå ikkje blitt til nok ein regnversdag. Men når dette vert skrive, er det tilbake til det same gamle.

Heldigvis kan eg då nyte bilete frå ein annan blogglesar som sender blomar frå hage og hei til glede for ein som ikkje så ofte tek turen ut for å feste dei til digitale pixlar, men som gleder seg over at nokon gjer det.

Det er hyggeleg å få besøk, anten det er at nokon stikk innom fysisk eller virtuelt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *