Dronninga sin fødselsdag

Share

4. juli har ein spesiell dåm hos meg. Det er USA sin store dag, det er flaggdag i Norge fordi det er Dronning Sonja sin fødselsdag og det er fødselsdag for ei av systrene mine. Difor har det gjerne vore litt festivitas rundt denne dagen.

I år var det nasjonal festivitas. Det var 70-årsdagen til Dronning Sonja, og som seg høver skal den offisielle feiringa gå over fleire dagar. Det er jo ei sjeldan sprek dame som rundar år, det verkar som om fjellturar i nord og sør står høgt på lista hennar over aktivitetar ho set pris på. Det er ikkje så lenge sidan ho var i Setesdal, 11. august 2006 rapporterte Fædrelandsvennen om at ho hadde vore på tur med Bjoren. Sjå http://www.fvn.no/nyheter/setesdal/article388767.ece

Men det er ikkje bare fjellet ho set pris på. Etter markeringa av dagen i Stavanger drog ho med Kongeskipet Norge til Lindesnes for å opne Spangereidkanalen. Det skjer i morgon. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Spangereidkanalen

Artikkelen fortel om eit stort spleiselag. Summen for kanalen er 35 til 40 millionar kroner, og stat, fylke, kommune og nabokommunar har lagt i for å få til prosjektet. Eg hadde omtale av dette tidlegare, då var artikkelen mykje mindre, så det er meir informasjon å hente om du går inn der no. Grunnen til det er at Philip Gabrielsen vil skrive om Spangereidkanalen til artikkelkonkurransen på Wikipedia. Før festen har han alt lagt inn fleire bilete frå kanalen. Under festen vil han fotografere for å få med mest mogleg med tanke på å utvikle artikkelen på wikipedia vidare.

Eg hadde gleda av å vere til stades då Dronning Sonja opna Setesdalsmuseet i 1993. Det var ei stor oppleving, både festen rundt sjølve opninga og middagen i Soknehuset om kvelden. Eg er sikker på at det vert ei stor oppleving for dei som var med på markeringa i Stavanger så vel som for dei som er med på festen i Lindesnes.

Valle Radio var ikkje skipa då Setesdalsmuseet vart opna. Då Dronning Sonja var i Setesdal i fjor sommar, hadde radioen sommarferie og dekka ikkje det som skjedde. Heller ikkje i år har vi noko stoff relatert til det at ho igjen vitja Agder. Det får halde med dette innlegget på bloggen.

Gratulerer med dagen til alle som har 4. juli som åremålsdag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *