Eit museumsbesøk å minnast

Share

Midt i sentrum av Vigeland ligg Lindesnes Bygdemuseum og Turistinformasjon, sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Lindesnes_Bygdemuseum
Då vi i går reiste for å sjå Spangereidkanalen, stoppa vi der for å leike turistar. I grunnen burde vi gjere det oftare, å vere turistar i eige nærområde. Når vi kjem til Danmark, går vi på museum, men vi måtte med skam seie til kvarandre at Mandal Bymuseum hadde ikkje fått gleda av å helse på oss enno.

Eit museum er ein institusjon som skal formidle kunnskap om historie i fjern og nær fortid, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Museum Ho som tok i mot oss, gjorde det på ein framifrå måte ved å fortelje oss litt om den kunstutstillinga dei hadde med det same vi kom inn i museet. Det var tresnitt av Gustav Vigeland. Ho fortalde at han sat i sommarhuset sitt på Tjøm og skar tresnitta inn i brødfjøler av bjørk som han kjøpte på Husfliden i Mandal. Bjørk var hard ved, og brødfjølene var billige. Difor er bileta i utstillinga nokså like store.

Endå meir interessant for meg var utstillinga museet hadde i tilknytning til Asbjørn Aavik, Kina-misjonæren frå den vesle bygda Åvik i Lindesnes. Grunnen til det er at eg har samla på bøker av han. Eg har neppe alle, men ganske mange av dei 40 bøkene han gav ut. Her møtte eg han og familien og livet deira på ein ny måte. Utstillinga burde vore større, kan hende burde det vore laga ei utstilling i bedehuset i Åvik som var open sommarstid og som formidla noko av det Asbjørn Aavik brann for.

Vi tok turen nedom heimstaden hans og såg støtta som er reist der til minne om han, støtta der det står: Av godtfolk er jeg født, av storfolk så avgjort ikke. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Åvik, der det og er lenke til misjonæren. I Åvik snudde vi heilt nede på kaien der ein stoppar når ein skal til Svinør. Så vidt eg hugsar, kom ein av foreldra til Marit Salvesen frå denne staden, og eg trur Theis og Marit ofte er i huset der. Og dermed enda bloggen i relasjon til Valle Radio også denne gongen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *