Folkemusikk

Share

Det stundar til Setesdalskappleiken, les eg i avisa. Konsert til minne om Knut Jonsson Heddi fredagskvelden. I same avisa les eg at Hallvard T. Bjørgum har nye planar etter ein lang pause der han ikkje har halde konsertar. I sommar har han halde konsertar på Sylvartun. Vidare les eg at Bjørgulv Straume si plate frå ætt til ætt no kjem ut på Grappa Musikkforlag.

Det var sanneleg mange gode folkemusikkmeldingar på ein gong.

Avisene melder og at det er fleire unge som engasjerer seg i folkemusikk. Landskappleiken synte at det og gjeld Setesdal, der Knut Kjetilson Jore fekk 3. plass i Vokal folkemusikk klasse C med seks deltakarar og syster hans, Sigrid Kjetilsdotter Jore fekk ein 8. plass i Vokal folkemusikk klasse B med 21 deltakarar.

Kim André Rysstad fekk fjerdeplass i Vokal folkemusikk klasse A der sju konkurrentar tevla om plassene. Birgit Anette og Tor Espen Helle dansa Setesdalsgangar i skarp konkurranse med 15 andre par i klasse B og kom på 10. plass.

Så må det nemnast at Tor Hoslemo drog det lengste strået i Hardingfelespel klasse C. Denne klassen hadde 21 deltakarar, og Tor gjekk av med sigeren.

Endeleg finn eg og Sigurd Brokke på resultatlista. Av årets åtte deltakarar i klasse for eldre folkemusikkinstrument fekk han ein andreplass, og Kjetil Carolis Jore fekk ein sjuandeplass.

Dei som representerte Setesdal Spelemannslag gjorde det så godt at det lovar godt for kappleiken til helga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *