Fredagskveldar i Lyngdal

Share

Kvar fredag i sommar er det konsert i Lyngdal kyrkje klokka 19.30. I kveld tok eg turen dit, syster mi er organist og det er interessant å oppleve kva ho legg opp til desse kveldane.

I kveld var det døtrene Margrethe og Torunn som spelte, piano og obo. I tillegg var det mykje firhendig piano mellom Margrethe og ei pianistinne frå Esland, og det er sjeldan ein opplever firhending pianospel på konsert. Pianistinna frå Estland hadde og med seg systera si, dei var Estlandsmeistrar i firhendig pianospel, så det var ingen tvil om kvaliteten.

Då dei slo an akkordane til fyrste stykket, eit stykke av Mozart, var det klar at dette kom til å bli ei storhending. For eit spel! Det trilla og dansa og hoppa og let i klassiske klangar med god Mozart-kvalitet. Det var herleg.

På desse konsertane er det og som regel song. I år minnest ein diktarane Petter Dass og Paul Gerhard, som har jubileum eller minneår. I tillegg var det ei jente som song solo og eit lite kor som framførte fine salmer og motettar. Det minna meg om at kristen song er i utvikling, at vi som er eldre må venne oss til nye melodiar, det er ikkje bare dei gamle salmetonar og folketonar som gjeld. Truleg burde eg gjere noko på det stoffet til hausten i tysdagssendingane i Valle Radio. Det er mykje vakker nykomponert musikk som vi sjelden høyrer.

Denne kvelden fekk vi høyre noko av det, og vakkert var det, alt saman. Etter konserten pleier dei å ha kaffe på kyrkjebakken, og i kveld var fyrste fredagskvelden ein kunne vere ute. Nydeleg solskin over lyngdalsbygda ein julikveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *