Fuglar i aust og vest

Share

I går og i dag har eg skrive om fuglar på wikipedia. Det er utruleg kva ein kjem bort i når ein går på Internett, og ikkje minst når ein er på wikipedia.

Det hadde seg slik at ein brukar på wikipedia lurte på om han kunne legge ut nokre fuglestubbar han hadde laga. Han hadde bilete og lenker til andre språk, men sjølve artiklane var korte, og han ville ikkje sjølv utvide dei, for han heldt på med andre oppgåver.

Eg sa ja, han kunne det, så skulle eg sjå kva eg kunne gjere. Dermed la han ut 20 artiklar om ugler. Det er korte saker, du kan sjå på dei blå lenkene i artikkelen om ugler: http://no.wikipedia.org/wiki/Ugler

To av artiklane i gruppa for hubro la eg inn desse dagane. Det gjeld Bengalhubro, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Bengalhubro som held til i India. Og i dag har eg skrive om http://no.wikipedia.org/wiki/Amerikahubro, som held til både i Nord- og Sør-Amerika. Ingen av dei er utryddingstrua, tvert imot, dei lever i beste velgåande kvar på sitt kontinent. Aldri har dei møtt kvarandre heller.

Av og til er det interessant å halde på med noko ein ikkje visste så mykje om frå før. Det har eg fått gjere i arbeidet med desse artiklane. Men eg har jo hatt om fuglar i Valle Radio, seinast i vår hadde vi ei open sending der eg trur at vi og hadde med hubroen sine ho ho hoo. Fuglar er fascinerande skapningar og ornitologi eit spennande studium. Eg hugsar ein klassekamerat på gymnaset som var hekta på fuglar. Han fekk høve til å jobbe med det seinare og har stått på for å formidle kunnskap om fuglar gjennom forskning mellom anna.

Naturen vert fattigare når fuglane forsvinn.

Ein tanke om “Fuglar i aust og vest”

  1. Leste litt om desse fuglane,- hubroane. Det kan vel ikkje vere rett at ein fugl på omlag 56 cm lengde berre har eit vingespenn på 39 cm. Det må vel mangle ein meter eller så.
    mvh Øyvind Jacob

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *