Gordon Johnsen

Share

I går var eg i Kristiansand ein tur og ville handle på Happy happy, butikken som overtok på Lumber etter Price Club. Dei bygde om då Price Club slutta, no er det blitt ein butikk som fylgjer same konseptet, men er stasa opp ein del i høve til det som var i dei same lokala før.

Dei opnar ikkje før klokka 12, det hadde eg ikkje fått med meg, eg trudde dei opna klokka 10. Dermed fekk eg eit par timar, og då tok eg meg ein tur på folkebiblioteket i Vågsbygd. Det ligg i andre etasje på Vågsbygd senter, i bakbygningen der. Eg vart møtt av venlege folk bak skranken og eit hav av bøker i rommet.

Bord på bord låg fulle av bøker, i tillegg til det som stod i hyllene. Til slutt kunne eg ikkje halde meg: -Har de boksal? spurde eg. -Nei, svara ei av dei venlege damene, vi bare rydder litt. Men vi har eit lite boksal, kom her skal du sjå.

Eg hadde ikkje tenkt å kjøpe bøker, eg har redusert boksamleaktiviteten ganske mykje, men det enda opp med at eg fekk meg fem bøker til ti kroner boka. To av bøkene var skrivne av Alfred Hauge, du veit han med bøkene om Cleng Person.
Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Alfred_Hauge Det var Hånden på plogen og Plogmann og såmann – Gordon Johnsen. Eg kjøpte begge, og i dag har eg blitt sitjande og lese om ein særprega person i norsk kristenliv. Han grunnla Modum Bad, om det kan du lese her: http://no.wikipedia.org/wiki/Modum_Bad og fekk bety mykje for folk som strevde og sleit med livet sitt.

Eg vil sitere eit lite avsnitt frå boka, det står på side 23. Alfred Hauge var på besøk på Modum i høve Modumdagen i juni 1982. Han skriv:

Dette var kvelden før selve festdagen. Han fulgte meg over tunet og skulle vise meg rommet mitt. Ute på tunet stanset han opp i den stille kvelden, sollyset falt lavt og skrått inn mellom de brune furustammene, og høyt over oss hvilte hvite makrellskyer. I dette lyset sto han.
-Jaja, Alfred, sa han – og så siterte han et vers fra en av de gamle åndelige sangene som hørt med i det rike utvalget han hadde.
-Jaja, Alfred, tok han opp igjen: -Snart er vi hjemme og står for tronen. Hva gjør det da om solen har oss brent.

Å leve med eit slikt perspektiv over livet var kanskje meir vanleg for år tilbake. Men eg vart gripen av det. Ja, sjølv når eg sit og skriv dette, kjenner eg at det rører meg.

Ein tanke om “Gordon Johnsen”

  1. Det er fantastisk kva Harald kan få ut av ei uventa stund. Her vert vi minte om Gordon Johnsen og hans Modum Bad som har gitt så mange hjelp og ny von for livet og lagnaden sin.
    Tak med deg gode tankar i kvardagen!
    🙂 Ånund K

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *