I dag gjekk eika

Share

I tunet vårt i Mandal har vi hatt ei eik. http://no.wikipedia.org/wiki/Eik

Eg brukar har hatt når eg skriv i dag, for i dag tok vi henne ned. Stamma gav ein del ved, men der ho deler seg i greiner var ho så vanskeleg å behandle at vi køyrde heile stykket på søppelplassen. Brennevinsmyra søppelplass for Mandalsregionen ligg ganske nær garden vår, så det var ein kort veg å få bort både greiner og anna då vi fyrst hadde fått henne ned.

Ho har stått i alle år, Reidun har bilete av seg sjølv då ho var lita ved sida av treet. Vi prøvde å telje årringane, det var i alle fall 110, noko som tyder at ho har sett heile nittenhundretalet utfalda seg på Sørlandet. Men ho var 50 år gamal då dei bygde vegen forbi huset vårt i 1947. Ho såg at dei sprengde seg gjennom fjellknausen og steinen som nesten landa i vogna der Reidun låg sommaren 1947. Ho såg og at ved alle sprengningane etterpå kom ein av vegarbeidarane og køyrde vogna i hus før salven gjekk av.

Eika har sett mang ein flaum, der Fidja vår har stått under vatn, ikkje bare no i sumar. Sjølv har ho stått turt og gått delvis på ein stein, så ingen flaum har nådd henne. Ho har sett elg og rådyr i hagen vår og sett både Reidun og far hennar mor hans stelle med blomar i hagen. Ho fylgde med på bygging av huset vårt midt på 50-talet og utvidinga ved årtusenskiftet. Då hadde det fyrste huset på garden vore nede i mange år. Eika såg og då dei bygde låven vår med material frå ei seilskute som vart sett på land i stranda ein kilometer frå huset vårt og kor dei køyrde tømmer på vinterføre til byggeplassen og fekk sett opp ein etter måten stor låve til garden.

I mange år såg ho og sommarselskap i hagen på svigerfars geburtsdag 9. juli. Då hadde gjerne store deler av slekta vore heime og hjelpt i høyonna. Mitt minne er at det som oftast var solskin 9. juli, som regel fall 9. juli på ein sundag, men mitt minne er ikkje til å stole på.

Livet har rulla forbi eika, ho har gjeve skugge på varme sommardagar. Men dei siste åra vart det meir mose og lav enn blad på greinene. Vi skjøna at i år kom til å verte siste sumaren for eika. Ho kjem nok til å gje varme nokre kalde vinterdagar, men så er ho bare eit minne. Noko av treet var rote og, så ikkje alt kunne brukast til ved.

Ein nabo kom innom og såg på medan vi heldt på, han hadde og mange minne frå garden vår og eika som no er borte. Vi prata litt saman om at det ikkje var meir å gjere med henne no.

Det var ei spesiell eik, så spesiell at ho fekk ein nekrolog på bloggen min.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *