Ny rekord

Share

Det er ny rekord denne månaden. I juli månad har eg klart å skrive på bloggen alle dagar. I dag, som er siste dag i juli, klarar eg å skrive to innlegg. Eg måtte bare gjere det, det er den fyrste månaden eg har klart å skrive noko alle dagar.

Samstundes har det vore ein månad som mange har vore inne på bloggen og lese det eg skriv. Etter det eg ser av statistikken, kjem eg til å sprengje grenser for både besøk og sidevisningar, det vert truleg ein rekord som vil vere vanskeleg å slå. Tross alt er det grenser for kor mange som vil lese ein blogg med tema Valle Radio.

Eg vil gjerne takke kvar og ein som er innom og les på bloggen. Tema som eg skriv om, varierer mykje, dei skal spegle eit mangfald som det vi finn i Valle Radio. Sjølv om radioen no held sommarferie, er det litt av kvart å skrive om. Det lesarar er og ganske tålmodige og finn dykk i ulike krumspring.

I morgon vil eg kome tilbake til meir statistikk for besøk på bloggen.

Ein tanke om “Ny rekord”

  1. Eg er alltid imponert over Harald. Han spenner over så vidt eit spekter, alltid har han noko forvitneleg «på tapetet». Han er ein ven og åbdsfrende, så ulike som vi er på mange måtar. Her sit eg på Solås og kan kome inn i Haralds verd, med born med ektemakar og borneborn – 6 gutar – frydefullt haukande omkring i huset. Det er liv og røre med halvtanna tylft menneske her i fritidsbustaden vår.
    Vi ynskjer alle Valle Radio sine lydarar lykke til vidare i sommarferien. Ikkje minst vil vi ynskje brureparet Sissa og Torleif tillykke vidare med fint og gjevande samliv.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *