Pieter og Lucinda på besøk

Share

I dag kom Pieter Leebeek og kona Lucinda på besøk. Vi måtte halde oss inne det meste av dagen, for det kom regn i byger, men praten gjekk lystig om folk og hendingar i Valle så vel som om livet i Vestfold. Det er alt blitt sju år sidan dei flytta til Larvik. og der held dei seg enno. Han var fyrst organist i Østre Halsen, men er no i Nanset, som og er kyrkjelyden han soknar til der han bur. Der har dei sju kor, han dirigerer eit par av dei, men elles er det mange andre som og er med. Eit av kora er på 200 songarar.

Det vert jo noko anna enn som det var i Valle og Hylestad, og å vere organist i Larvik inneber og å spele i ganske mange gravferder. Men dei har ingen lokalradio av typen som vi har i Valle, så han får ikkje halde fram med å presentere orgelmusikk slik han gjorde i Postludium. Eg kunne fortelje at eg gjerne brukte CD-plata han spelte inn med musikk til jol i eit av programma mine ved joletid.

Pieter og Lucinda kom jo til Noreg frå Nederland, men som med så mange som flytter har det skjedd og for deira born, dei er nok blitt meir norske enn nederlandske. Så når besteforeldre er på besøk, kan dei nok snakke nederlandsk med dei, men dei likar helst at samtalar går på norsk, så dei slår fort over til norsk. Som lærar i norsk for utlendingar er det ei problemstilling eg har vore klar over og ofte snakka med elevane mine om. Dei vil nok og oppleve at ungane blir norske med åra, sjølv om dei prøver å halde ved like morsmålet.

Vi snakka med glede om Vegkyrkja i Hylestad kyrkje og alle hyggelege stundene vi hadde der, og det var ikkje unaturleg å ha vaflar til kaffe denne dagen. Mange hyggelege minne knytt til både musikk og folk gjorde at det vart ein særs hyggeleg dag sjølv om veret dynka grenda vår her i Mandal også denne dagen. Vi ser imidlertid framover og trur på statsmeteorologane som lover betre ver mot helga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *