Pilegrimar

Share

Hovden Fjellstoge har funne seg ei nisje som har lagt grunn for mykje aktivitet siste året. Det starta med boka til Bjarne Tveiten om Underet i Breive. Deretter kom tilsetjing av Birte Løvåsen som pilegrimsprest i eit samarbeid mellom Hovden Fjellstoge, Agder Bispedømmeråd og Bykle kommune. I Setesdølen for i går hadde Sigurd Haugsgjerd ei heilside med tittelen Over 100 gjekk pilegrimstur.

Om pilegrimar finn du og på nynorsk wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Pilegrim
Frå denne sida kan du gå til wikipedia på andre språk og sjå kva dei har skrive. På bokmål finst det liste over pilgrimsmål. Der er Røldal med, men det er enno ikkje nokon artikkel om pilgrimsturar til Røldal. Ved å leite med utgangspunkt i desse sidene på wikipedia, kan ein finne mykje om pilegrimstradisjonen i alle kulturar og religionar.

Når Bjørnar Mørenskog vurderer opplegget, seier han at det har vore over all forventning. Å få over 100 personar til å melde seg på for å gå pilgrimstur frå Breive til Røldal er langt meir enn han hadde våga å håpe på då dei bestemte seg for å gå i gang med dette, seier han til Setesdølen.

Avisa kan fortelje at det ikkje bare er sjølve turen. Før turen startar er det ein kulturkveld på Hovden Fjellstoge. Morgonen etter er det gudsteneste i Fjellgardane kyrkje, så i sommar har det vore fire kulturkveldar og fire ekstra gudstenester i kyrkja på Hovden. I tillegg til lokale deltakarar har folk frå store deler av Sør-Noreg vore med på turane.

Strekninga er 80 km i fjellet, siste dagen er etappen 23 km. Då er det godt å kome fram til stavkyrkja i Røldal. http://no.wikipedia.org/wiki/R%C3%B8ldal_stavkirke

I fjellet har det vore mykje snø, så det har ikkje vore lette turar. Det fortel prostidiakon Per Emanuelsen i eit innlegg i same avisa. Han fortel at dei fyrste dagen gjekk til Sloaroshytta. http://no.wikipedia.org/wiki/Sloaros

Sidan overnatta dei på Holmevassbu og i oppsette lavvoar ved Kaldevassrustene før dei etter 23 km siste dagen kom fram til Røldal. Der var det så avslutningsgudsteneste.

Pilegrimane som gjekk i sommar var ikkje så opptekne av om krusifikset i stavkyrkja
sveitta, det var turen som var målet, ikkje lækjedom for sjukdom på underfull vis. Men naturen si kraft til å skape fellesskap gjennom felles slit og arbeid, det fekk dei alle oppleve.

Ved desse reportasjane fyller Setesdølen ut det vi har hatt fleire program om i Valle Radio i vinter. Det er hyggeleg at det lukkast for satsinga på dette for Hovden Fjellstoge.

I ein forstand er vi alle pilegrimar. Det er kanskje grunnen til at songar med pilegrimsmotiv framleis vert sungne og skapar atterklang i sinna våre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *