Regn

Share

I vind å **regn** kan her vere hustre,
å vetredagjen då æ her gruste.
Men skine soli frå himlen blå,
æ her ingjen venare sta å sjå.

Det fine med eit stev som dette er at det dekker dei fleste typar av vêr. Eg fann det i stevdatabasen til Agder Folkemusikkarkiv, eg har gjeve deg lenka til denne baser for nokre dagar sidan, her er den att: http://www.folkemusikkarkivet.net/agder/stevtittel.php

Vi har hatt vêrtype regn i Mandal den siste veka. Ein nabo har målestasjon heime, og i går kveld hadde han kome til nesten 30 cm siste veka. Det er mykje, men nedbørsfeltet her ved Noregs sørlegast punkt på fastlandet er ganske så lite, så det vert ikkje flaum som i Numedalslågen og Drammensvassdraget. Vår vesle bekk fløymde over i går og fann seg veg ut på eit jorde ein periode. Men det turkar opp att.

Denne veka har det surkla i jorda når vi har gått over plenen. Vi har jo ganske mykje plen her i Mandal, og ein del av han vart sett under vatn i går. Då verka det som om himmelen var ei vasskanne med stor hol i silen, og ho vart ikkje tom heller. Eg sat mest og gapa i undring over dei strie straumane som kom ned. http://no.wikipedia.org/wiki/Regn

Ein periode var jordet vi kallar Fidja sett under vatn. Då kom det måkar i store flokkar og landa der og gjekk og sumde rundt i vatnet. Bibelordet Du dekker bord for meg i grøne enger fekk ein ny dimensjon då. Heldigvis hadde naboen som driv jorda fått slått, og graset hadde ikkje grodd opp att, så vi skal ikkje klage.

Den årlege Eskelandsfesten var lagt til laurdag 7. juli. Den gjekk av stabelen etter planen, men vi måtte på reserveløysinga. Dermed vart låven ominnreidd til festlokale, og glade naboar møttest på låven, mest som i gamle dagar. Men det var ikkje høy der, så vi fekk ikkje hoppe i høyet. Likevel vart det ein hyggeleg fest med triveleg prat om mangt og mykje. Det er eit tiltak som kan anbefalast for andre grendelag også.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *