Sommarkonsert i Egersund kyrkje – ei oppleving rikare

Share

Eigersund Musikkråd i samarbeid med Eigersund kulturskole og Egersund kirkes kulturutvalg arrangerer lunsjkonsertar med tittelen **Musikkstund i kirken** i kyrkja kvar måndag, onsdag og fredag i juli. Eg hadde gleda av å oppleve ein slik konsert i går, onsdag 11. juli. Det vart ei stor oppleving.

Musikarane var Henning Rød Haugland på piano og Magnus Rød Haugland på kontrabass. Om du når du ser etternamnet tenkjer at det er familien min, har du rett, eg er onkel til dei to flotte musikarane. Onsdagen før denne konserten spelte Magnus då Dronning Sonja hadde lunsj i Stavanger, så ein kan kanskje seie at det var kongeleg.

Henning og Magnus spelar jazzinspirert musikk, og dei starta med ein Ballade som Henning hadde skrive. Deretter var det religiøse folketonar, mellom andre Swing low, sweet chariot og Kven kan seia ut den gleda. Ein rik halvtime var det i alle fall, og opp mot 100 personar fann vegen til arrangementet. Ikkje dårleg ein onsdag midt i juli.

Egersund har ein gjestevennleg parkeringspolitikk. Du kan stå ein time midt i sentrum, like utanfor kyrkja, utan parkometer. Det heldt godt for min del. Etter konserten flytta eg bilen til ein annan stad, og så spaserte vi gjennom gågata til Eikunda, der vi fekk oss litt mat. På menyen stod det at dei hadde steikt kveite, men då vi skulle bestille, var den utseld, så vi måtte finne noko anna. Eg og dei som var med meg brukte nok minst 1000 kroner i Egersund denne dagen, alt fordi det var ein liten konsert vi ville oppleve. Truleg var det slik for mange andre og, noko som tyder på at om det vert arrangert noko ein stad, vil det ofte føre til omsetning i næringslivet.

I morgon spelar Viggo Fagerjord orgel i denne konsertserien.

Måndag i neste veke er det Margun Risa, sang og Solvor Kvåle Konstali, klaver, som skal halde konserten.

Onsdag 18. juli er det Line Haukland, cello og Gundhild Kristoffersen, sang/klaver.

Fredag 20. juli er det Knut Magnus Bøen, fløyte og Bodil Fagerheim, orgel.

Alle konsertane er støtta av ulike firma i Egersund. Det er 17. året på rad at Eigersund Musikkråd står for denne serien med konsertar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *