Spangereidkanalen

Share

Vil du vere med på dronning Sonja si 70-årsfeiring, kan det vere lurt å ta turen til Spangereid torsdag 5. juli, for då skal ho opne Spangereidkanalen, sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Spangereidkanalen

Men eg trur du må dra dit tidleg, opninga skal vere klokka 11, og sjølv om det er god plass ved kanalen, vert det nok ganske mykje folk der. Men er du der i åttetida om morgonen, skulle du truleg få god plass. Om vermeldinga held stikk, vil du få nokre våte timar, men kva gjer det, du er med på ei historisk hending.

Vi tok turen dit i dag, det var ei oppleving, omtrent som å sitje i Valle sentrum ein dag når bilar cruisar forbi med opne vindaugo og nyt sol og folkeliv. Eg sat på kanten til kanalen ein god time, eg angrar på at eg ikkje talde båtane, for det var mange. Frå vestsida og frå austsida putra dei gjennom kanalen som gjer at båtar ikkje treng å gå rundt Lindesnes for å kome til andre sida.

Eg var ikkje aleine. Ei rekke europeiske tungemål kunne høyrast i Spangereid denne dagen. Då vi ville få oss middag på Spangereid gjestehus, måtte vi nesten stå i kø for å få bord, og bensinstasjon og Sparbutikk hadde stor omsetning.

Ordførar Ivar Lindal, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Ivar_Lindal har stått på for å få gjennomført prosjektet for å få auka aktivitet i kommunen. Om det held fram slik det har vore sidan gjennombrotet skjedde for eit par veker sidan, er det ikkje bare Lindesnes fyr som er trekkplaster for å få folk til å stoppe i kommunen. Som eg sa, eg sat ein time på kanalkanten, eg handla og åt og la att nokre kroner. Eg trur kanalen, som har kosta 25 millionar, ikkje vil bruke mange år på inntening om ein reknar totaløkonomi, det vil seie at folk som elles ikkje ville kome til kommunen, kjem dit, stoppar og legg att pengar. Slik sett trur eg at ei dristig satsing har vore lønsam for dei som står for dette.

Torsdag 5. juli er altså dagen. Då kjem 30 kongelege til Lindesnes kommune for å vere med når Dronning Sonja opnar kanalen. Og etter det vert det fest heilt fram til helga. Fredag skal Ansgar Gabrielsen og eit par andre symje gjennom kanalen, han lova det det i ei overmodig stund at om det lukkast å få etablert ein kanal her, skulle han symje gjennom den. 900 meter er det visst. Truleg ikkje like stort trekkplaster som 30 kongelege på 70-årsfeiring, men det manglar ikkje mykje. Har du båt, kan du melde deg på kortesje som skal gå gjennom kanalen like etter at Dronning Sonja har opna han. Eller du kan ta turen når festivitasen har stilna og nyte flott ingeniørkunst og Sørlandet på sitt beste.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *